I mellomalderen var dette ein av dei viktigaste katolske kyrkjefestane. Med reformasjonen forsvann markeringa, men feiringa slo ut i full bløming igjen på slutten av 1800-talet.

– Feiringa av olsok oppstod ganske umiddelbart etter at Olav den heilage fall på Stiklestad i 1030. Feiringa oppstod i tilknyting til at Olav blei gjort til helgen i 1031, fortel professor i teologi ved Universitetet i Oslo Hallgeir Elstad.

Olsok, eller Olavsdagen, blei ein svært viktig merkedag i den katolske kalenderen. Det mumifiserte liket av Olav blei oppbevart i Nidarosdomen frå om lag 1090 og domen blei av den grunn eit viktig pilegrimsmål.

– Akkurat korleis ein feira olsok på den tid er vanskeleg å seie, men det er heilt klart at det var mykje festivitas knytt til feiringa, seier Elstad.

Reformasjon og renessanse

Då reformasjonen kom i 1537, blei det brått ein stopp for olsok og dei andre katolske tradisjonane.

– Offisielt slutta ein å feire olsok etter reformasjonen. Det blei slutt på helgendyrking og difor var det heller ikkje aktuelt å feire Olav, seier teologiprofessor Elstad.

– Men olsok var godt innarbeidd i den norske kulturen så truleg heldt ein fram å feire i ulike fjellbygder rundt i landet, legg han til.

I over 300 år var olsokfeiringa nesten fråverande, men på slutten av 1800-talet fekk feiringa ein renessanse.

– Feiringa kom tilbake på slutten av 1800-talet som eitt ledd i nasjonsbygginga. Gamle tradisjonar, deriblant olsok, blei henta fram frå gløymsla. Vi kjenner mellom anna til olsokfeiring i Nidarosdomen i 1897, seier Elstad.

Likevel var det ikkje før i 1930 at olsok for alvor kom tilbake.

– I 1930 var det 1000 år sidan Olav fall i slaget på Stiklestad. Det innebar eit avgjerande gjennombrot for olsok, som blei offentleg flaggdag, fortel teologiprofessoren.

Olsok varsla haustvêret

Olsok har tradisjonelt sett òg vore ein merkedag for kva vêr ein trudde ein kunne vente seg utover hausten. På primstavane er olsok nesten alltid merka med ei øks. Dagen var ein viktig merkedag for vêret og kornhausten, står det i Store Norske Leksikon.

I Hordaland venta ein eit skifte i vêret etter olsok. Dei meinte at våt olsok varsla våt haust, medan fin olsok varsla godt haustvêr. I Salten heitte det at om det var kaldt på olsokdag, så kom kornet til å fryse. "Som vêret var olsok, ville det bli på vinternettene," heitte det på Sunnmøre.

– Å varsle vêret etter ein merkedag var ikkje særeige for olsok. Vêrspådommar var ofte knytt til merkedagar på primstaven og kanskje særleg til helgenfeiringar, fortel Elstad.

Feiringa i dag

Korleis folk i dag feirar olsok varier frå stad til stad. I nokre bygder står olsokfeiringa sterkt, medan ein andre stadar ikkje feirar i det heile.

– Det er stor variasjon i måten folk markerer olsok på i dag. Det er vanskeleg å seie heilt sikkert kvifor det er slik, men truleg har det noko med eldsjeler å gjere, seier Elstad.

Han trekkjer fram Lom kommune som eksempel. Der hadde dei på 1800-talet ein prest som sette i gang olsokfeiringa og der feirar dei olsok den dag i dag.

– Slike eldsjeler har nok betydd mykje for dei stadane som feirar olsok i dag. I tillegg har dei ei mellomalderkyrkje på Lom. Det kan òg ha hatt betydning, utan at eg skal seie det for sikkert. Dessutan er det mogleg at ungdomsrørsla og målrørsla har hatt ein finger med i spelet, avsluttar Elstad.