Laurdag 29. juli oppretta Øyvind Breivik i Ulstein oppropet "Nei til riving av løde på Skeide" på nettstaden "Min sak". På kort tid rausa det inn 300 signaturar, og sidan det ikkje er naudsynt med meir enn 166 underskrifter, er aksjonen alt stoppa.

Dette inneber at saka om riving av løa på Skeide, som skal vike plass for eit bustadfelt, kjem opp i Ulstein kommunestyre som innbyggjarinitiativ.

Det er Øyvind Breivik i Ulstein som har tatt initiativet til underskriftsaksjonen. Det har ikkje lukkast oss å få kontakt med Breivik, men på nettstaden Min sak skriv han blant anna:

"Overtrampen som familien Robert Skeide opplever i samband med utbygging av byggefelt på Skeide, kan vi ikkje tillate. Håper så mange som mogleg støttar opp om at løa å få stå. Dette er maktmisbruk som politikarane/administrasjonen i Ulstein kommune bør halde seg for god for. Hjelp familien og la fornufta sigre".

To prosent av innbyggjarane

Robert Skeide er glad for initiativet til Øyvind Breivik, og Skeide fortel at han har fått mange meldingar og telefonar frå folk som gjerne vil skrive under, og som er forundra over at "Min sak" alt er lukka.

For å få ei sak opp som innbyggjarinitiativ må to prosent av innbyggjarane i kommunen skrive under, alternativt 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket. No har altså 300 personar skrive under, og dette er meir enn to prosent av innbyggjarane. Men litt slingringsmonn kan vere greit å ha, for fleire av dei som har signert, er ikkje busette i Ulstein kommune.

- Heile tunet her på garden vil bli rasert dersom løa blir riven. Eg treng løa blant anna til å lagre traktor og anna reiskap som eg brukar til å halde marka i hevd. Viss eg ikkje kan gjere det, vil her fort bli krattskog, forklarer Robert Skeide.

- Til alt overmål er det vi som skal betale for å få løa riven, legg Skeide til.

Etter at arkeologar gjorde funn på marka, er det uaktuelt å byggje på 5-6 mål marka. Denne delen er verna.

- Truga med ekspropriasjon

Ulstein kommune har regulert inn eit bustadfelt på Skeide med om lag 40 bueiningar. Løeområdet er regulert til tett utnytting, hus med om lag 20 leilegheiter.

Det er mor til Robert Skeide, 97-år gamle Inger Skeide som eig jorda og løa, og ho bur framleis i det gamle våningshuset på garden. Eldste delen av løa er truleg frå 1700-talet.

- Vi har vore i møte med Ulstein kommune. Ønsket vårt var å få behalde løa og fire meter med grunn rundt henne. Men vi kom ingen veg. Reresentantane frå kommunen rett og slett truga oss med ekspropriasjon, fortel Robert Skeide.

- Vi er taparane: