Det er nok fleire som har store forventningar til Folk Spiseri som no flyttar til hjørnelokala på framsida av Sjøsida-bygget. Vikebladet Vestposten fekk ta ein liten kik innom lokalet måndag formiddag, og det er ingen tvil om at Folk Spiseri får ei flott plassering, med utsikt over store delar av Lyngnesvika og Ulstein Verft i det fjerne.

- Vi er veldig nøgde. Så må vi berre få skryte av Ulsteinvik Utvikling AS som har stått på for å ferdigstille lokalet på kort tid, seier dei tre eigarane og drivarane, Ingrid Margrethe Ulstein, Thor Erik Andersen og Oscar Overvåg Tafjord til lokalavisa.

Folk Spiseri vil vidareføre og utvikle stilen og konseptet dei har blitt kjent for, men dei får no boltre seg i eit ganske så mykje større lokale. Sjølve lokalet er det Ulsteinvik Utvikling som byggjer ut for Folk Spiseri.

- Vi skal gjere nokre småting sjølve mot slutten, men vi set enorm pris på all hjelpa vi har fått frå eigarane. Utan den hjelpa hadde ikkje dette gått, seier Ingrid Margrethe Ulstein.

Slitne – men spente

Tanken om å komme seg inn i eit større lokale har vore der ei stund, og no blir tanken realitet. Men det har vore ein slitsam prosess å skulle tenke nytt medan ein framleis dreiv Folk Spiseri i dei tidlegare lokala.

- Det har blitt mykje dobbeltarbeid. Vi skreiv under avtalen med Ulsteinvik Utvikling 17 mai, men byrja med arbeidet inn mot dette tidlegare, rett etter påska var over. Målet var og er framleis å kunne opne før Trebaatfestivalen tek til (17. – 20. august). Det skal vi få til, men nøyaktig kva dag det blir er vi ikkje heilt sikre på enno, fortel Ulstein.

For det står framleis att nokre førebuingar. Det flunkande nye kjøkkenet skal testast, det skal byggast ein bar, møblar skal inn og setjast opp, i tillegg til at det resterande flyttelasset frå Bjørndalsvegen takast hand om.

- Vi vil nok jobbe natt og dag framover for å kome i mål, men vi har trua, seier Thor Erik Andersen.

- Vi er ganske slitne no, men sjølvsagt også ganske spente, seier Oscar Overvåg Tafjord.

Uteservering og «skafferi»

Folk Spiseri fekk av kommunestyret i Ulstein tildelt skjenkeløyve både for innandørs- og utandørs føremål tidlegare i år, og vil med det lage til utservering på den flotte bryggekanten på nedsida av Sjøsida-bygget.

- Det har vi mangla tidlegare, og gler oss veldig til å få på plass no. Forhåpentlegvis vil det gjere at endå fleire tek turen innom oss, seier dei tre.

Drivarane har store ambisjonar for lokalet, og som Vikebladet Vestposten tidlegare har nemnt, skal det snart også kome på plass eit «skafferi». Det blir ein butikk som vil bli fylt av mat og drikke frå småskalaprodusentar, mykje av det lokalt.

- Vi vil tilføre Ulsteinvik noko nytt, ved å vidareutvikle konseptet endå nokre hakk, og vi gler oss til å vise folk kva vi har, seier trioen til slutt.