– På dagtid synest eg trafikken flyt godt. Eit og anna utskot finst det sjølvsagt, men som regel går det veldig bra.

Paul Leinebø har stoppa på Eiksundsida, for å sleppe forbi bilar før han skal køyre inn i den nesten åtte kilometer lange Eiksundtunnelen.

– Eg oppmodar elevane mine om å sleppe forbi andre køyretøy, då får vi det så mykje rolegare når vi skal køyre nedover. Eg er ikkje så glad i å ha store, tunge køyretøy bak meg, seier han.

Paul Leinebø politimannen som heller ville vere køyrelærar, ein jobb han har hatt i 35 år. Kvart år lærer han mellom 40 og 50 personar, stort sett ungdomar, å køyre bil.

Lågt gir i nedoverbakken

– Det er lurt å ikkje bruke bremsene heile tida, for å unngå varmgang i bremsesystemet. Det er trass alt snakk om ein bratt nedoverbakke på fire kilometer, seier Leinebø pedagogisk.

På veg nedover i Eiksundtunnelen har Leinebø sett skulebilen i tredjegir, og fortel at han må borti bremsene berre av og til for å halde 80-grensa.

– Eg har ikkje visst at fartsmålinga her ikkje fungerer, men eg har lagt merke til at det aldri blinkar i fotoboksane lenger. Så eg har forstått at noko måtte vere ute av drift, seier Paul Leinebø.

Han seier at han ikkje har lagt merke til endringar i fartsnivået på dagtid, sjølv om fartsmålinga ikkje verkar.

Forbikøyring er heilt ok

– Eg synest Eiksundtunnelen er kjempegrei, den gjer at ein lett kjem seg både innover og utover, seier Leinebø.

Skulebilen frå Rotevatn Trafikkskule har kome til botnen av tunnelen, 287 meter under havoverflata.

– Nokre av elevane mine synest det er litt skummelt å køyre inn ein tunnel, det er litt innestengt. Og eg har hatt elevar som aldri har køyrt gjennom ein tunnel før dei startar med køyreopplæringa, fortel han.

Køyreskulen Paul Leinebø dreiv i tretti år, Ulstein Trafikkskule, vart i 2011 kjøpt av Rotevatn Trafikkskule. Dagleg køyrer han gjennom Eiksundtunnelen, no er vi i gang med siste halvdel av tunnelen.

– Om det er ok å køyre forbi her? Ja, her kjem ikkje trafikk frå sidene, i alle fall. Her er ei lang og bein vegstrekning, så då må ein gjere dei same vurderingane som ein gjer elles på vegen. Følg med på det som skjer både bakom og framom, seier Leinebø, framleis like pedagogisk.

På denne turen gjennom Eiksundtunnelen går det saktare enn 80 kilometer i timen på strekninga mot Ørstasida.

– Folk ser ut til å vere tolmodige, slik som no når vi køyrer bak ein lastebil som ikkje klarer å halde fartsgrensa. Eg synest generelt at store køyretøy er flinke til å sleppe forbi personbilar, vise med blinklys at det er ok å køyre forbi.

Den raude skulebilen nærmar seg tunnelopninga.

– Du veit, det finst elevar som nektar å køyre inn i Eiksundtunnelen. Kva eg gjer då? Då byter vi berre plass. Det er betre å starte med ein litt mindre tunnel, seier Paul Leinebø.