Han har to hus i nærleiken av anlegget. Dei har tydleg kjent sprengingane.

– Husa er nyoppussa, men no har det danna seg sprekkar i begge to. Dette vil vere ei sak mellom takstmann, huseigar og forsikringsselskapet. Men det er klart det er irriterande. Vi hadde jo pussa opp dei to husa, og dei såg rett fjonge ut. Det er lite lysteleg å finne fram måling og sparkling igjen, seier han.

Myrene er samd med Wigg og Sæterdal i at kommunen burde ha gjort ein betre jobb med å informere undervegs.

– Det støttar eg. Det er klart at uansett korleis ein vrir og vendar på det, så vil dette få konsekvensar for dei rundt, same kor forsiktig ein er. Dei burde vore ute i forkant og informert om mogelege konsekvensar. Vi hadde besøk av folk frå kommunen, saman med forsikringsmann og vi diskuterte litt om korleis ein skal gå fram. Men dette var i etterkant, når problemet allereie hadde skjedd, fortel Myrene.

Entreprenør og prosjektleiar for Ulstein Arena, Vidar Wåge Hansen i PEAB, har ikkje lukkast å få tak i grunnentreprenøren, som var ansvarleg for sprengingsarbeidet, grunna ferie. Han kan difor ikkje gi eit heilt presist svar, men seier likevel dette i samband med sprengingane:

– Ut ifrå det eg kjenner til, så har ikkje vi fått meldingar frå dei næraste naboane om skader på hus grunna sprenging som har gått over tillaten grenseverdi. Vi har blitt kontakta av naboar som syns det har vore ubehageleg, og sprengingane kan opplevast som ubehagelege utan at dei går over grenseverdiane, seier Wåge Hansen og legg til:

– Eg forstår at folk vil ha tilbake husfreden og eg kan seie at det nærmar seg no. Elles takkar eg naboane for tolsemda.