Ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh, nemner at han ikkje er direkte involvert i den daglege prosessen kring utbygginga av Ulstein Arena, men seier følgjande som kommentar til saka:

– Dette er trist å høyre. Det er også første gang eg høyrer om dette. Vi vil ha eit godt forhold til naboane, både i samband med byggeprosessen, men også når det gjeld bruken av anlegget seinare. Difor ynskjer vi å sjå nærare på dette, der vi til dømes kan ha eit møte med dei, slik dei kan fortelje oss kva som har vore utfordringane i samband med utbygginga av anlegget. Dette må vi lære av for bygginga vidare, men også for framtidige utbyggingsprosjekt, seier Engh.

– Vil føre med seg ulemper

Dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, Rune Urke, kommenterer følgjande til saka:

– Vi har snakka med ein del av naboane, spesielt dei som er mest påverka. Eg var ikkje klar over at fleire av naboane er veldig misfornøgde, det er i så tilfelle veldig synd. Det er klart at i ei byggjesak som er stor og omfattande som denne, så vil det føre med seg ulemper uansett. Sprenginga har vore gjort over fleire periodar og det stod på i mange veker. Eit heilt kvartal har blitt bora ut og det har blitt fjerna enormt med masse. Dette for å utnytte tomta skikkeleg. Det vert naturlegvis trongt, og det er vanskeleg å gjere noko slikt i eit sentrum utan å bry andre. Heile sentrum har sjølvsagt vore påverka og har høyrt det. Det har vore viktig for oss at ting har skjedd innanfor lovlege rammer. Entreprenøren skal ha loggført sprengingane, seier Urke og legg til:

– Det er mangt ein kan tenke i ettertid at ein kunne gjort annleis. Vi har reagert og agert i tilfelle der det har gått utover område som ligg spesielt nært, og når vi har blitt kontakta. Vi kunne eventuelt bedt entreprenøren hatt ein betre dialog med naboane undervegs.

Har støy- og støvskjerming vore diskutert som alternativ?

– Nei, det har i grunnen ikkje vore diskutert som tema, fortel Urke og legg til:

– Har naboane skader som kan dokumenterast, så må vi sjølvsagt ta det vidare. Har dei noko på oss, så må dei ta kontakt slik vi kan prøve å løyse det.

Det har vore sagt at entreprenøren har tatt i bruk ei tomt utan at det låg føre ein avtale. Kva er din kommentar til det?

– Så vidt eg veit, er det ingen som har klaga på oss for å ta i bruk tomter utan lov.