Guttorm Hagen seier politipatruljane køyrer gjennom tunnelen heile døgnet, og at inntrykket deira er at trafikken vanlegvis flyt godt.  Men etter at det vart kjent at fartsmålinga i Eiksundtunnelen ikkje fungerer, seier Hagen:

- Det er halde laserkontrollar i Ellingsøytunnelen og i tunnelane på Kvivsvegen, så slike kan kome også i Eiksundtunnelen.

Han rår folk til å halde fartsgrensa, unngå saktekøyring og ikkje jage.

- Ein kjem raskt nok gjennom tunnelen viss ein held fartsgrensa, slik unngår vi ulukker. Eg håper Statens vegvesen rettar feilen snart, seier Hagen.

Ifølgje vegvesenet skal fartsmålinga i Eiksundtunnelen fungere igjen i løpet av hausten.