– I starten då dei arbeidde med sprenging, var det nokre av sprengingane som var så kraftige at dei umogleg kan ha vore innanfor lovlege grenser. Det var heilt forferdeleg. Vasane og glasa klirra, medan ting på kjøkkenet flytta på seg. Vi opplevde også steinsprut i samband med sprenginga. Ein dag var sprengingane så kraftige at eine dottera vår kom grinande fordi ho var redd. Det er heilt utruleg at jentene har fått sove, i og med at dei har soveromsvindauget vendt mot byggeplassen, seier Aud Marit Wigg og Erling Sæterdal og legg til:

– Heldigvis er grunnmuren huset står på skifta. Dei gamle grunnmurane hadde aldri tolt dette.

Det var etter tips frå publikum at Vikebladet Vestposten tok kontakt med familien i det raude huset i Kyrkjegata. Fleire har vore nysgjerrige på korleis det har vore for dei næraste naboane å bu tett på byggeplassen. Familien har sjølv ikkje tatt initiativ til dette, og har vore i kontakt med både kommune og entreprenør undervegs i prosessen. Dei er opptekne av å poengtere at dei på ingen måte er ute etter å sverte entreprenøren.

Utbygginga av eit slikt anlegg vil naturlegvis få konsekvensar for dei som bur i direkte nærleik av den planlagde tomta. Det er akkurat på bakgrunn av det at familien saknar ein betre kommunikasjon og det å bli tatt betre hand om av kommunen.

– Vi hadde ynskt at det var ein betre dialog mellom oss og kommunen heilt frå starten. I og med at det er så få hus som ligg i direkte nærleik av byggeplassen, hadde vi gjerne sett at kommunen kunne informere oss undervegs, spesielt på dagar det skulle bli mykje støy, seier dei og legg til:

– På den måten kunne vi lagt planar på førehand og komme oss ut av huset dei verste dagane. I staden har det blitt slik at vi omtrent har måtte rømt dei dagane det har stått på som verst.

Dei er forundra over at kommunen ikkje har gjort ein større innsats for å gjere det best mogleg for dei som bur rundt byggeplassen, til dømes ved å setje opp skjermvegg som vil ta vekk noko av støyen og støvet.

Utgraving av tomt utan avtale

Ein ettermiddag i februar 2016 kom Aud Marit heim til at entreprenøren hadde grave opp nabotomta som ligg rett ved sida av huset. Ei tomt som familien også eig.

– Den ettermiddagen var eg så fortvila. Det låg fullt av jord i hagen vår, etter dei hadde grave ut tomta ved sida av her. Kven som har gitt klarsignal for dette, veit eg ikkje. Kvifor fekk vi ikkje beskjed om dette? spør Aud Marit oppgitt.

Det låg ikkje føre nokon avtale om lån av den aktuelle tomta. Ulstein Arena skal ikkje stå på tomta, men kommunen bruker i dag tomta som del av anleggsområdet. Kommunen har kjøpt jord frå familien i ein tidlegare samanheng, då dei trengde eit større areal i samband med utbygginga av anlegget. Tomta som til slutt vart tatt i bruk i høve anleggsarbeidet, var aldri omtalt i denne kjøpsprosessen.

– Vi brukte ofte ein sti som gjekk over den tomta for å kome oss inn og ut av huset. Spesielt fordi vi har små born som sit i vogn. Ein avtale om lån av tomta vart ikkje signert før etter utgravinga allereie hadde skjedd. På spørsmål om vi kunne få ei form for månadsleige i kompensasjon, fekk vi kontant nei som svar frå kommunen. Etter kvart fekk vi sett i stand trappa vår som kompensasjon for lån av tomta, seier dei to.

Mykje støy og støv

Familien er lei og fortvila over korleis det har vore å leve gjennom byggeprosessen.

– Vi har vore mykje meir plaga av støy og støv enn det vi hadde venta. Det har verkeleg gått opp for oss kor omfattande dette er. Vi har vore nøydde til å spyle reine platting, utemøblar og vindauge oftare grunna mykje støv. Verst har det likevel vore at vi fleire gongar har hasta av garde med minstemann på grunn av høg støy og fordi han pusta inn støvet då han låg ute på trappa for å sove, fortel dei.

Dei spør seg sjølv kvifor støy- og støvskjerming ikkje frå starten av har vore foreslått som alternativ for å gjere livet gjennom byggeprosessen betre for dei næraste naboane.

– Vi er urolege for korleis privatlivet vert når anlegget vert teke i bruk, seier dei to.

På vinterstid fortel dei at det har vore sett opp store lyskastarar for å lyse opp byggeplassen. Desse har tidvis stått på gjennom heile natta.

– I tillegg til å lyse opp byggeplassen, så lyssette dei også heile huset vårt. Det lyste så sterkt at ein kunne sitte ute og lese avisa midt på mørkaste natta, seier Aud Marit og Erling.

Dei nemner at siste veka i juni var spesielt intens. Då skjedde mykje på ein gong. Både inn og utkøyring av betongbilar, tømming av stein, boring, hamring og skjering.

– Og det utan pausar. Vi føler oss små og i vegen, rett og slett på veg til å bli slukt, seier dei, men legg til:

– Vi unner skuleelevane det nye anlegget, og ser fram til eit forbetra bibliotek. Entreprenør har fortalt oss at det skal plantast tre i grenseområdet, og vi håper etter kvart at det skal bli bra å bu i Kyrkjegata 7 igjen. Men prosessen fram har ikkje vore heldig, kommunen kunne gjort ein betre jobb med informasjon og teke ansvar for støyskjerming og vore meir til stades for oss.

Erling Sæterdal og Aud Marit Wigg hadde gjerne sett at kommunen hadde informert meir om byggeprosessen undervegs. Foto: Ragnhild Vartdal
Erling Sæterdal, Aud Marit Wigg og dei tre borna har byggjeplassen tett på både hus og hage. Foto: Ragnhild Vartdal