- Eg er ein veldig fysisk person, eg er veldig glad i å bevege meg.  Med yoga kan eg bevege med på ein litt meir kreativ måte, fortel ho då Vikebladet Vestposten er innom lokala til Yogano i Bjørndalsvegen dagen før opninga.

Det var då ho utdanna seg til dansar i London ho hadde den første yogatimen.

- Då praktiserte eg det ikkje så mykje, eg byrja fast med yoga først då eg flytta til Larvik i 2005, fortel ho.

Ho har jobba som danselærar i Larvik og i Bergen, før ho flytta heim til Skeide i 2012.  Då hadde ho yogakurs i Furene AS.

Etter fødselspermisjon nummer to, starta ho så Bygdeyoga i gymsalen på Ulstein skule, med undervisning ein time i veka.

Ut av gymsalen

Med lokala i Ulsteinvik sentrum er det slutt på undervisning i gymsal.

- Det hadde sin sjarm å vere i ein gymsal, men no ville eg lage eit miljø og ein atmosfære som er kjekkare å vere i, fortel ho.

Yoga kan kort forklarast som ulike øvingar for kropp, konsentrasjon og pust.

- Eg oppdaga fort at yoga gav med ro i hovudet, det trong eg då og det treng eg framleis.  Eg får trening, men får også aspektet med å å få ro i tankane.

Er det noko spesielt som gjer at du treng ro i hovudet?

- Ikkje noko meir enn andre, trur eg. Livet er hektisk og travelt, og ja- det er no litt sånn som du legg opp til det sjølv. Eg kjenner at eg kanskje har litt vanskeleg for å legge frå meg ting, lett for å gå og tenkje på ting.  Så då treng eg denne timeouten.

Brei målgruppe

Linn Urke Osnes skal drive Yogano ved sida av jobben som kommunikasjonsansvarleg i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, SSR.  Ho har med seg fire andre yogalærarar: Inger Kristine Havåg, Margaret Bjerkvik, Hildegunn Welle og Linn Urke.   Til saman skal dei tilby fjorten timar yogaundervisning i veka.  Det meste skjer på kveldstid og laurdagar, i tillegg til ein morgontime fredagar frå klokka 06.45 til 07.45.

- Det skal vere eit breidt tilbod, dei som har vore med på Bygdeyoga har vore frå atten år til oppi 60-åra, seier Osnes.

- Kanskje vil vi etter kvart tilby barne- og ungdomsyoga også.   Til tilbodet for menn har det i alle fall vore bra påmelding, no er tolv og fjorten plassar fylt.

Ein del av inntektene skal framleis gå til Redd Barna.  I løpet av åra med Bygdeyoga har det kome inn mellom 15 og 20.000 kroner i året til Redd Barna.

Yogano er i same lokale som Trude Mork har sin fottklinikk.  Ho er svært fornøgd med å få fleire personar ofg meir aktivitet inn i lokala.