Heltne er av dei mest rutinerte og erfarne i Hødd sin A-stall, men han har diverre også ein lang skadehistorikk bak seg.

Under ein duell på trening i førre veke fekk Heltne det han trudde var ei vriding i ankelen. Då han fekk tatt røntgen for å sjå bort frå brot, viste det seg å vere nettopp eit brot.

– Som dei fleste slike brot, tek det rundt seks veker å bli bra igjen. Klart det er surt å måtte sitje og sjå dei andre spele, seier Heltne.

Heltne reiser nedover for å støtte lagkameratane sine, men reiser privat, og må nok finne seg ein plass på tribunen.

Uheldig gjennom fleire år

Det tek nok rundt to månadar før Heltne er kampklar igjen, fortel han.

– Eg har heldigvis unngått belastningsskadar siste tida. Det siste året har det berre vore ribbeinsbrot, overtrakk, strekte leddband og no dette brotet. Det høyrest kanskje mykje ut, men eg er likevel heldig som ikkje har fått ein belastningsskade, seier Vegard.

Men han har vore ute ei vinternatt før. For dei siste fem-seks åra har skadar hindra han i å spele mange kampar for sitt kjære Hødd.

– Eg må innrømme at det var tyngre før. Men då fekk vi ikkje like mykje hjelp. No har eg glimrande god støtte frå folk rundt laget, som til dømes fysisk trenar Rafa (Rafael Roldan Bermudez). Han og Manu Torres, som var før han, har gjort det enklare for meg å kome tilbake igjen. Så i tillegg trenar eg saman med Robin (Shroot) på Aktiv, så eg held meg i gang sjølv om eg er skadd, seier Heltne og legg til:

– Det viktigaste eg har lært er at det ikkje nyttar å gi opp, eller å vere negativ.

Trur på snuoperasjon

Ein skuffande 8.-plass etter halvspelt sesong er ikkje godt nok, meiner den erfarne back- og vingspelaren.

– Nei, vi har ein solid jobb å gjere i haust, og det er vi alle innstilt på. Hovudfokuset blir nok å byggje på den defensive tryggleiken. Alt heng saman, og utan eit solid forsvar, kan vi heller ikkje ha eit solid angrep.

Vegard Heltne vil likevel poengtere at Hødd ikkje har hatt marginane med seg, i fleire av kampane.

– Det er heilt klart. Så er vi heller ikkje tøffe nok på dødball. Men, eg har trua på at vi kan snu dette, seier han.

Elles har Hødd framleis nokre usikre spelarar framfor dagens kamp. Daniel Eid og Torbjørn Kallevåg var med på treninga torsdag, men blir truleg spart litt til. Elles så blir nysigneringa Robin Hjelmeseth med til Larvik, men han er usikker på om det blir startplass i dette oppgjeret.