Piren eller den unge makrellen vi får om sommaren er fantastisk å steike i steikepanna eller på grillen. Langs Sørlandskysten har den lenge vore viktig i kosten, medan nokre nordlendingar nektar å ete fisken. Det er viktig å slå sei slag for makrellen med fast, smakfullt kjøt og høgt innhald av det sunnaste feittet.

Makrell er ein stimfisk og manglar svømmeblære og må derfor symje heile livet for ikkje å synke. Om sommaren og utover hausten sym makrellen i stimar langs kysten og ute i Skagerak, Nordsjøen og Norskehavet. Makrellen gyt i dette området tidleg på sommaren.

Helgas oppskrift er eksotisk med tilbehør inspirert av både arabiske og sicilianske smakar. Ein av ingrediensane er tahini, dette er ei pasta av malte og lettrista sesamfrø med litt olje i, denne kan du lage sjølv eller du kjøpe på butikken. Makrell er ein sommarfestfisk som må nytast medan ein kan, også får den krispi og sprøtt skinn på grillen!

Ingrediensar til 4 porsjonar

8 stk makrellfilet

salt og pepar

olivenolje

Hummus

250 g erter, fryst

250 g kikerter, hermetiske

2 fedd kvitlauk

1 stk sitron

2 ss tahini

1 ts spisskum, malt

2 ss dill, frisk

salt

Topping

2 stk lauk

2 ss tomat, soltørka i olje

1 ss dill, frisk

4 ss pinjekjerner

4 ss rosiner

4 ss balsamicoeddik

2 ss honning

olivenolje

Framgangsmåte

Varm grillen.

Dryss salt og pepar over makrellfiletane, og pensle dei med olivenolje.

Legg filetene på grillen med skinnsida ned og grill i 5-6 minutt utan å snu fisken.

Hummus

Kok erter møre i lettsaltet vann i ca. 2 minutt og slå av kokevatnet.

Sil av vatnet til kikerter, men spar på litt av vatnet.

Knus kvitlauk med flatsiden av ein kniv og press safta av sitron.

Køyr erter, kikerter, kvitlauk, sitronsaft, tahini, spisskum og dill til ein puré i ein kjøkkenmaskin eller med ein handblendar.

Tilsett litt av vatnet til kikertene for å få ønska tjukkelse og konsistens på hummusen.

Smak til med salt.

Topping

Grovhakk lauk, soltørka tomatar og dill.

Varm olivenolje i en steikepanne og steik lauken til den er mjuk og har fått ein gyldenbrun farge.

Rør inn pinjekjerner og rosiner, og steik i 1 minutt til.

Tilsett soltørka tomatar, dill, balsamicoeddik, honning og vatn

Server grilla makrell med ertehummus og topping. Dryss gjerne over litt grovhakket chili og dill dersom du har.

Tilbehør Nypotet eller kokte, grilla småpotet på grillspyd.

Tips: Dersom du ikkje har grill kan du steike makrellfiletane i ei grillpanne.