Ferien er så avgjort over for Webjørn Landmark. Frå fredag 25. til og med søndag 27. august blir det feiring av heimkomsten til Polarstar i tre dagar til ende ved Ishavsmuseet.

Men ein ting slepp Landmark å uroe seg over: den tidlegare så utvaska gangvegen mellom kaianlegget til Aasen Bildemontering og Ishavsmuseet har med løyving frå Hareid kommune og arbeid frå Brekke & Kleppe blitt både presentabel og god å gå på.

- Vi treng vegen til andre båtbesøk også, men det var viktig at han vart ferdig til Polarstar kjem heim, kommenterer Landmark.

- Overraskande stor interesse

Han kan rapportere om stor interesse for heimkomsten til Polarstar.

- Eg vil strekke det så langt til å seie at eg er overraska. Tidlegare mannskap om bord på Polarstar har byrja å ringe rundt om frå heile landet. Dei lurer på kva som skal skje, om dei kan kome, og kvar dei kan bu. Eg veit om fangstfolk som kjem både frå Moss, Oslo, Trondheim og andre stader i landet.

Bokslepp fredag

Feiringa blir altså over tre dagar, og tek til fredag 25. august med lanseringskveld for boka om «Polarstar». Forfattarane er Gunnar Myklebust, Johannes Alme og Webjørn Landmark, og alle vil vere til stades.

Denne kvelden får publikum for første gong høyre «Polarstar-valsen». Per Arne Brandal har laga både melodi og tekst, og han blir framført av The Red Rooster Blues Band. Deretter blir det både bacalao og musikk ved Ronald Øvrelid.

Polarstar-valsen

Laurdag 26. august er ventetida over. Då skal Polarstar klappe til kai i Brandal, etter fleire år med restaurering i Polen.

Det blir eige program på kaia, velkomsthelsingar og ny framføring av Polarstar-valsen med The Red Rooster Blues Band og Knut Selvåg.

Polarstar blir open for publikum i tre timar, og om kvelden skal Five Beats spele til dans i eit telt ved museet.

- Laurdag reknar vi med storinnrykk til Brandal og har sett opp buss som skal gå i skytteltrafikk mellom Hareid og Brandal, opplyser Landmark.

Ulstein mannskor søndag

Også søndag 27. august blir det mat og kaffi å få kjøpt ved museet, og Polarstar blir open for publikum i fleire timar. Knut Selvåg skal spele trekkspel på dekk, og Ulstein Mannskor skal underhalde.