Volda og Ørsta kommunar har hatt felles PPT-kontor  (pedagogisk psykologiske tenester) i over 20 år, Hareid og Ulstein endå lenger. Men no har alle dei fire kommunestyra sagt ja til å danne eit interkommunalt PPT-kontor, med Ulstein som vertskommune.

Tysdag vart dette markert med ordførarar, rådmenn og kommunalsjefar til stades i kontorfellesskapet på Blåhuset i Ulsteinvik. Og ordførarane sette seg pent ned på rad og rekke og signerte samarbeidsavtalen etter tur.

18,55 årsverk

Ingrid Evebø Haug er leiar for det interkommunale PPT-kontoret. Ho opplyser at kontoret til saman har 18,55 årsverk, og at 12 av desse årsverka er nye. Alle skal vere på plass innan oktober.

I heile sommar har det vore arbeidd med å ominnreie og slå ned vegger i lokala til PPT  på Blåhuset.  Ikkje minst har den praktiske tilrettelegginga av IKT-utstyret vore ein stor jobb, og det same har arkivsystemet vore.

Det interkommunale PPT-kontoret får totalt 72 einingar, inkludert barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, vaksenopplæringa og Møre barne- og ungdomsskule.

- Det blir kjempeviktig å få til eit godt samarbeid med både rektorar, lærarar, foreldre, elevane sjølve og politikarane i alle dei fire kommunane, sa Evebø Haug.

- Vi må ha eit godt system, slik at alle er sikra å få dei tenestene dei treng og har rett på.

Ho er no i gang med å lage ein ny organisasjon, der alle dreg saman i lag. Organiseringa med team og teamleiarar er ikkje heilt på plass enno, men er like om hjørnet.

Meir undervisning tilpassa det ordinære tilbodet

Kommunalsjef for Oppvekst i Ulstein kommune, Gry Nordal kunne opplyse at på landsbasis får 8 prosent av elevane i grunnskulen spesialundervisning, og at dette utgjer om lag 20 prosent av timeressursane. I kroner utgjer dette ca. 10 milliardar kroner årleg.

- Vi  ønskjer å behalde ressursane,  men skape ei undervisning som er betre tilpassa det ordinære tilbodet.

- Betre på førebygging

Ein strategi for PPT-kontoret er å bli endå betre på førebyggjande arbeid.

- Læring skjer best i samabeid med andre. Målet er derfor å ha mindre kontakt på individnivå, og det kan vi berre klare viss vi er tidleg ute med førebyggjande tiltak, understreka Evebø Haug.

Spesialundervisning tyder spesielt god undervisning, men Evebø Haug er ikkje sikker på at det alltid er slik. Ho har tru på at ei god, systemretta undervisning er vegen å gå.

Målet er at alle elevane skal få utvikle seg positivt ut frå dei føresetnadene dei har, og bli til gagns menneske.

Ulsteinordføraren har trua

Før sjølve signeringa av samarbeidsavtalen tok ordførar Knut Erik Engh i verftskommunen Ulstein ordet og uttrykte glede over dei  likelydande vedtaka i alle fire kommunane.

- Her i Ulstein og Hareid har vi vore svært godt nøgde med tenestene som PPT har ytt, og eg kjenner meg trygg på at også Ørsta og Volda vil bli det, sa Engh.

Frå v.: Varaordførar Kristian Fuglseth i Hareid, Volda-ordførar Jørgen Amdam, Knut Erik Enh i Ulstein og Stein Aam, Ørsta signerer den interkommunale samarbeidsavtalen om PPT.