Dyster statistikk - mange stikk av:

Dette gjer du om du køyrer på eit dyr

Kvar sommar opplever bønder i Møre og Romsdal at dyr på beite blir påkøyrd, utan at bilistane varslar om det.

Møre og Romsdal er eitt av dei fylka kor det ofte skjer dyrepåkøyrslar. Kun Hedmark har fleire melde skadar på landsbasis. Det skriv Gjensidige i ei pressemelding.

Dei siste tre åra har det i snitt blitt rapportert inn over 650 påkøyrslar i Møre og Romsdal kvart år i følgje tal fra Finans Norge. Mange av desse påkøyrslane gjeld vilt, men også mange husdyr, til dels sau, blir påkøyrde. Særleg om sommaren, når dyra er på beite.

- Eg trur det er for liten kunnskap om kva ein skal gjere dersom ein køyrer på eit dyr. Mange får seg ein skikkelig støkk, blir redde og køyrer vidare. Det finnast diverre også ei førestilling om at det vil koste dyrt å melde frå om å ha køyrt på sau eller andre husdyr. Dette stemmer ikkje, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Som fortel at ein har plikt til å melde frå om påkøyrsel av dyr. Å etterlate skadde dyr er straffbart.

- Det er ingenting å tene på å ikkje melde frå. Du risikerer korkje bonustap eller treng å betale eigendel på forsikringa, seier Voll.


Dette gjer du om du køyrer på eit dyr:·        

- Stopp og observer dyret.        

- Om dyret er dødt, prøv å få det ut av køyrebana, eller sett opp varseltrekant        

- Om dyret er skadd, vurder skaden og prøv å sjå kvar dyret tek vegen. Er det skadd vil det ofte stoppe og leggje seg ned ganske raskt. Ikkje følg etter, då det kan flykte vidare.        

- Meld frå til eigar, nærmaste gard, viltnemda i kommunen eller politiet.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: