Hendene slapp taket litt uti løpet:  dei måtte klappe Karsten fram til verdsmeistertittelen.

- Det er heilt ufatteleg, eg veit ikkje kva eg skal seie, sa Erling Warholm rett etter løpet.

- Eg trudde ikkje det vart gull, men eg hadde håpt på ein medalje, sa Kristine Warholm.

Ho fortel at Karsten er glad i vaflar og at han skal få det når han kjem heim.

- Guten er ein skikkeleg vinnarskalle, seier Erling.

Etter løpet gav han blomster til Arve Hatløy og takka han for mangeårig innsats for å trene Karsten.