Warholm-gjengen: Frå venstre onkel Helge, onkel Einar, farmor Kristine og farfar Erling.
(Foto: Linda Eikrem )

Warholm-gjengen: Frå venstre onkel Helge, onkel Einar, farmor Kristine og farfar Erling. Foto: Linda Eikrem

Farmor Kristine:

- Han skal få vaflar når han kjem heim

Dei sat på fremste rad i kultursalen på Sjøborg; farmor Kristine og farfar Erling Warholm. Då barnebarnet tok plass i startblokka, tok dei to hendene til kvarandre.

Hendene slapp taket litt uti løpet:  dei måtte klappe Karsten fram til verdsmeistertittelen.

- Det er heilt ufatteleg, eg veit ikkje kva eg skal seie, sa Erling Warholm rett etter løpet.

- Eg trudde ikkje det vart gull, men eg hadde håpt på ein medalje, sa Kristine Warholm.

Ho fortel at Karsten er glad i vaflar og at han skal få det når han kjem heim.

- Guten er ein skikkeleg vinnarskalle, seier Erling.

Etter løpet gav han blomster til Arve Hatløy og takka han for mangeårig innsats for å trene Karsten.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Odd 2 - Hødd LIVE

Bortekamp for Hødd tidleg måndag ettermiddag.

Teknisk utval på mogleg synfaring:

Naboar protesterer mot bustadblokk

Ulsteiningen Leif Klokk står bak mikrobryggeriet Klokk & co:

Lever ut øldraumen