Då Vikebladet Vestposten tok seg ei runde i nabolaget dagen derpå var det stille i gata. Sauene på marka nedanfor såg ikkje ut til å bry seg, men det norske flagget vaia frå fleire flaggstenger.

Nærbutikken, Spar Straumane, stadfesta Kanjana Hasund at kundane var ekstra blide denne føremiddagen. Mange nytta høvet til å snakke om den store prestasjonen til den tidlegare sambygdingen.

– Her er bra stemning, veldig kjekt at Karsten vann, kommenterer ho.

Det var ganske roleg på butikken denne føremiddagen, men Kanjana reknar med det blir bra med folk i ettermiddag, og ho ser ikkje vekk i frå at mange nyttar høvet til å kjøpe med seg noko ekstra godt i dag for å feire VM-gullet.

For ein del år tilbake arbeidde ho på Hasund skule som barne- og ungdomsarbeidar. Då var Karsten andreklassing. Hu hugsar han alt då som ein flink og kjekk gut.

– Skremte sikkert opp nabolaget

Frode Hatlø er innom butikken for å kjøpe med seg nokre reker. Han var ein av dei mange som såg finalen onsdagskvelden.

– Heilt fantastisk! Eg håpte på gull, og trampa han fram, fortel han.

– Brøla du?

– Ja, eg skremte nok opp heile nabolaget.

Samtaletema i brøddisken

I brøddisken står Vendel Tandberg og Jørgen Hageselle og diskuterer prestasjonen til Karsten Warholm.

– Heilt rått! Det er fantastisk å sjå at ein kan nå så langt i ein tidleg alder, kommenterer Hageselle.

Han vedgår at han eigenleg ikkje er så opptatt av sport, men då han fekk høyre at han Karsten skulle springe, ja, då måtte han sjå finalen.

– Har de planar om å feire i kveld?

– Nei, eg skal på jobb i kveld, svarer Tandberg.

– Ja, feiringa får Karsten ta seg av sjølv, svarer Hageselle.

Flagg også på Hareid

Onsdag morgon vart det flagga også på Hareid for verdsmeister Karsten Warholm. Utanfor Jets vaia det norsk flagget friskt i vinden saman med Jets flagga. Ikkje tilfeldig, for Kåre Audun Haddal, som døydde for nokre år sidan, var ein av Jets-gründarane og i mange år dagleg leiar i Jets.

Lenger framme i dalen vaia flagget i Myra på nedre Rise, garden der oldefar til Karsten, Karsten Rise kom frå.