- Heilt realistisk trur eg han kan ta fjerde- eller femteplassen. Men klaffar alt og han gjer eit godt løp, kan han kjempe om medalje, sa Hatløy til Vikebladet Vestposten ein time før løpet.

Etter at læreguten hadde vunne og vorte verdsmeister, vedgjekk Hatløy:

- Ok, ja, eg ville prøve å skru ned forventingane litt.  Eg hadde håp om medalje, men at det skulle bli gull, nei, det hadde eg ikkje ein gong drøymt om, sa ein rørt trenar.

- Var véret eit pluss for Karsten, sidan det regna?

- Det var i alle fall ikkje ei ulempe, sa Arve Hatløy.

Som ein draum

Også leiar i Dimna IL, Trond Berg, måtte leite litt etter orda etter gull-løpet.

- Dette er heilt fantastisk, nesten som ein draum det er umogleg å drøyme.  Tenk at vi får lov til å vere med på dette, Karsten gjer storfamilien Dimna endå større.  Dette er berre starten på endå fleire eventyr, sa Berg.

Rundt 400 møtte fram på Sjøborg for å sjå Karsten springe i finalen.

- Det kom nokre tårer, ja, eg veit kva som ligg bak, kor mange tusen treningstimar han har lagt ned, sa Trond Berg.

Ny flaggdag

Ulstein kommune flagga onsdag, og ordførar Knut Erik Engh lovde at flagga skal til topps også torsdag.

- Vi skal markere dette på ein annan måte også, men eg veit ikkje heilt korleis førebels.  Løpet var ein fantastisk prestasjon, det var så suverent, heilt vanvittig å sjå på, sa ordføraren.