Audun Garshol er utflytt hareidsdøl og busett på Hamar. I perioden 1972 til 1976 vann han NM-gull på 100-meter, og tre av desse åra tok han gull også på 200-meter. Garshol var også med i OL i 1972 på 100 og 200-meter.

Fysioterapeuten Audun Garshol har følgt utviklinga til Karsten Warholm tett, og såg tidleg at det var snakk om eit stortalent.

Onsdag kveld var han først på konsert med Ole-Edvard Antonsen, men han passa godt på å få med seg VM-løpet til Karsten Warholm via TV.

- Heilt fantastisk av ein kvit mann frå Garsholhaugen

- Då eg såg veret i London sa eg med ein gong at det var midt i blinken for Karsten. Det var skikkeleg Sunnmørs-ver, kommenterer Audun - og legg til:

- At ein kvit mann frå Garsholhaugen tek gull under VM på 400 meter hekk, ein distanse som stort sett er dominert av farga, er heilt fantastisk. Karsten er ein heilt unik fyr.

Garshol slår fast at Karsten Warholm har vore heldig med foreldra - han har fått gener som har gjort han til eit stortalent.

Dersom Warholm held seg skadefri, reknar Audun Garshol med at stortalentet frå Dimna stiller i OL om tre år, og då kan det godt hende at han endar opp som Olympisk meister.

- Tøff i hovudet

- Karsten er ung i forhold til dei beste han konkurrerer mot i dag. 400 meter hekk er rekna for å vere ein distanse der løparane treng erfaring, så han kan nok bli endå betre, meiner Audun.

- Karsten er ein vinnarskalle. VM-løpet i London var ein mann mot mann-konkurranse i kaldt og guffent ver. Det er imponerande at han torer å vere så tøff i hovudet at han går ut med alt han har av krefter frå startskotet går. Eg studerte han på oppløpssida, og trur det er det beste hekkeløpet han nokon gong har gjennomført.

- Vel så bra prestasjon som OL-gullet til Rodahl

Audun Garshol meiner at prestasjonen til Karsten Warholm onsdag kveld er vel så bra som Vebjørn Rodahl  sitt OL-gull på 800-meter i 1996.

Før Garshol gjekk på jobb onsdag morgon, hengde han opp flagget på balkongen - til ære for Karsten Warholm.