Privatvideo av Bjarte Bergseth, som ser Karsten i finalen

Vill jubel i stova:

- Kom igjen, gje på!!

Bjarte Bergseth klarte ikkje å setje seg ned mellom klokka 22.00 og 23.30 onsdag kveld.

Først var han spent før finaleløpet på 400 meter hekk, så var han så oppglødd av at Karsten Warholm vart verdsmeister at han måtte stå og gå.

- Pulsen er vel på veg mot normalen igjen no, men eg har ikkje landa enno, fortel Bergseth til Vikebladet Vestposten torsdag formiddag.

I videoen øvst i saka kan du sjå og ikkje minst høyre korleis Bjarte opplevde gull-løpet.  Det var svigerdottera Cesilie Forland som filma det heile.

- Under løpet prøvde eg å ta pulsen fleire gongar, men eg klarte ikkje å telje, fortel han.

Har sjølv drive med friidrett

Bjarte Bergseth er opphavleg frå Langevåg, men bur no i Kjerringnesmyra på Dimnøya.   Bergseth kjem frå ei friidrettsfamilie, og var aktiv i lengde og kortdistansar. 

- Eg var ingen stor utøvar, eg vart som regel slått kvar gong  av Børre Meinseth då vi konkurrerte å same årsklasse i tenåra.

No er Bergseth leiar i Hasundgot Idrettslag.

- Eg har tre søner og Karsten har vore mykje heime hos oss og sparka fotball, fortel han.

Foreldra til Bergseth er ihuga Karsten-tilhengarar og fekk også med seg gull-løpet onsdag kveld.

- I fjor, under ein ferjetur frå Sulesund til Hareid, møtte eg Karsten.  Eg spurde om han kunne overraska mora mi, som hadde bursdag.  Karsten gjekk då og sette seg i baksetet på bilen og snakka med henne.  Det er visst den beste gåva ho har fått nokon gong, fortel Bjarte Bergseth.

Håpte på medalje

Bergseth gjorde opptak av finaleløpet og har sett det om att fleire gongar.

- Eg var overtydd om at han kom til å leie etter 300 meter. Håpet var stort då eg såg at han leia allereie etter den første hekken og han framleis leie etter siste hekk. Karsten var rett og slett teknisk best også dei siste 100 metera, og dermed vann han, analyserer Bergseth.

Han slår fast at Karsten Warholm er ein kjempestor ambassadør, både for Ulsteinvik og resten av landet. 

- Karste gjer ein veldig flott figur utad, og eg vil også rose apparatet rundt som har fått dette til: Arve Hatløy, Dimna IL.  Det er eiin individuell idrett, ja, men det er mange som bør få ein veldig stor del av æra for denne sigeren, seier han, og avsluttar på følgjande måte:

- Det er mange i heile verda som har prøvd å hacke bedrifter, men Karsten hekkar heile verda.

No gler han seg til medaljeseremonien i kveld klokka 1815. 

- Då vert det Giv akt under Ja, vi elskar, seier han.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: