76-åringen tek imot Vikebladet Vestposten i barndomsheimen i Ivagarden på Ulstein, eit hus ho kallar sommarresidensen. På stovebordet ligg teikningane over leilegheita i Gjerdegata. Ho har kjøpt ei av dei fem leilegheitene i øvste etasje.

– Ho er på 150 kvadrat. No skal eg endeleg få plass til eit stort spisebord, seier ho. Med born, barnebarn og svigerbarn tel familien hennar atten personar.

Sel einebustad

Om sommaren bur Else Marie i barndomsheimen på Ulstein. Resten av året bur ho i ein einebustad i Prost Ankersgate, som har vore heimen hennar sidan ho gifta seg i 1968. No skal eigedomen der seljast.

– Litt vemodig er det, spesielt fordi det er barndomsheimen til borna mine. Men eg gler meg til å sleppe ansvaret for plenklipping, snømåking og vedlikehald av huset og den to mål store tomta, seier ho.

Akkurat det same seier dei andre kjøparane Vikebladet Vestposten har snakka med. Dei gler seg til å få ein meir lettstelt heim, til å sleppe å slå plen og måke snø, og til å bu sentralt i Ulsteinvik.

– Vi gler oss veldig til å flytte inn, seier Arild Myklebust, som saman med kona Ingunn har kjøpt leilegheit i tredje etasje.

I tredje etasje er alle seks leilegheitene selde.

Nokre av kjøparane skal selje einebustaden på den opne marknaden, andre har born som skal ta over.

Det nye bygget har fire etasjar med leilegheiter. I kjellaren er det garasje, og kvar leilegheit får éin parkeringsplass der.

Femten av leilegheitene er selde, ni er framleis ledige. Dei fleste ledige leilegheitene ligg i første etasje, der er berre ei av sju leilegheiter selt.

Fornøgd med responsen

– Eg er veldig fornøgd med responsen. Det er eit stort prosjekt, og dette har selt veldig bra samanlikna med andre liknande prosjekt, seier Nils Erik Skeide i utbyggarselskapet Ulstein Betong Constructer, UBC.

Skeide fortel at dei fleste som har kjøpt leilegheit er menneske som skal flytte frå ein einebustad.

– Ja, vi ser at kundane våre må selje før dei kan kjøpe noko nytt. I dag har vi forresten reservert to leilegheiter som vi håper vert selde om kort tid, seier Skeide.

Nils Erik Skeide meiner det ikkje er rart at det er husvære i første etasje som enno ikkje er selde.

– Det er klart at utsikt er viktig for folk, seier han.

Og utsikt får Else Marie Nygjerde mykje av frå hjørneleigllegheita i toppetasjen. Ho fortel at ho kjøpte leilegheita med det same byggeprosjektet starta i fjor.

– Eigentleg skulle eg få flytte inn til jul, men det kan hende det ikkje skjer før til påske, seier ho.

– Eg gler meg veldig. Eg ville eigentleg bu i tredje etasje, men eg trur det vert fint også på hjørnet i fjerde etasje, sjølv om eg ikkje får ha sola like lenge som her i Ivagarden. Her går ho ned klokka 23.45 om sommaren, fortel Else Marie Nygjerde.