Bergsøy nærma seg

Golf-forhold på Høddvoll

«Gamle gode» Høddvoll såg ut som ei golfbane då Hødd2 og Bergsøy møttest til toppkamp i 4.-div. fredag kveld.

Bergsøy vann kampen 2-0, heilt fortent. Sigeren kunne godt ha vore større.

Med dette reduserte Bergsøy Hødd2 sitt forsprang frå 7 til 4 poeng.

Det var først mot slutten av kampen av Hødd2 fekk opp dampen. 1. omgang var rett og slett blodfattig og nølande frå heimelaget med ein ball som ofte gjekk sidevegen eller bakover. Det meir fysiske Bergsøy-laget låg kompakt i forsvar og spelte ballen kjapt i lengderetninga. Det gav resultat.

Thomas Sætre Hauge gav Bergsøy 1-0 i det 14. minutt, medan Franjo Tepuric la på til 2-0 i det 52. minutt. I begge tilfelle var Hødd-forsvaret fullstendig utspelt og Bergsøy-spissane kunne enkelt putte ballen i kassa bak ein sjanselaus Sivert Pieroth.

Hødd2 hadde ein stor sjanse i 1. omgang då Badr Rahouini vart spelt fram av Sander Djupvik i det 39. minutt og skaut i stolpen (bildet).

Hareid vann

Dagen før vann Hareid 2-0 borte over Langevåg – og styrka dermed posisjonen på Topp 5 i divisjonen. Hareid tok leiinga på straffespark ved Martinus Røyset Bakken etter felling av Fredrik Andresen. I 2. omgang fekk Hareid vinden i ryggen og tok over spelet, men det var sjansar på begge sider. Til slutt fastsette Simon Holstad Grimstad sluttresultatet til 2-0 på ein flott overgang.

Hødd2 sin neste motstandar er Godøy på bortebane, medan Hareid skal ha heimekamp mot Emblem. Begge kampane går torsdag 17. august.


KAMPFAKTA, HØDDVOLL:

4.-div.: Hødd2-Bergsøy 0-2 (0-1)

250 tilskodarar. Dommar: Tor Ove Myrseth, Sykkylven – god.

Mål: Thomas Sætre Hauge (14), 0-2 Franjo Tepuric (52).

HØDD2: Sivert Pieroth, William Fjørtoft, Aleksander Rekdal, Elias Flø, Johannes Sundgot, Andreas Breimyr, Bam Hide, Sander Djupvik, Håkon Brautaset, Badr Rahouni, Isak Haanes.

Innbytte: Daniel Haanes (i 45 min.), Eirik Francke Saunes (i 45 min.), Peter Hasund (i 31 min.), Daniel Eid (i 31. min.),Bastian Rasmussen (i 26 min.), Sindre Kleiven (i 26 min.).


Runderesultat: Emblem-Norborg 6-0, Hødd2–Bergsøy 0-2, FK Sykkylven- Rollon 1-1, Skarbøvik-Volda 2-2, LGF-Godøy 4-1, Langevåg-Hareid 0-2.

1Hødd 21231
2Bergsøy1227
3Volda1223
4Larsnes/Gursken1219
5Hareid1219
6Skarbøvik1213
7Godøy1212
8FK Sykkylven1212
9Rollon1211
10Emblem1211
11Norborg12  9
12Langevåg12  7
Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Odd 2 - Hødd LIVE

Bortekamp for Hødd tidleg måndag ettermiddag.

Teknisk utval på mogleg synfaring:

Naboar protesterer mot bustadblokk

Ulsteiningen Leif Klokk står bak mikrobryggeriet Klokk & co:

Lever ut øldraumen