Reguleringsplanen for området vart vedteken i kommunestyret i september 2014. Etter det har prosjektet vore tema i teknisk utval to gongar: i november 2016 og mars 2017.

–Då handla det mellom anna om plassering av nokre balkongar, men høgda har ikkje vore diskutert i utvalet etter at reguleringsplanen vart vedteken, seier Antonsen.

I reguleringsplanen for området heiter det at det kan førast opp eit bygg med maksimal 14 meter møne- og gesimshøgd, men likevel berre opp til kote 39, eller 39 meter over havet.

Maks 14 meter høgt

Arne Runar Vik var teknisk sjef i Ulstein kommune då reguleringsplanen vart vedteken. Han er i dag assisterande rådmann i kommunen. Vik seier at det kom inn éin klage på byggehøgda då reguleringsplanen var på høyring: klagaren meinte høgda måtte reduserast til kote 36. Denne klaga tok ikkje politikarane omsyn til då dei behandla reguleringsplanen.

–Eg har ingen grunn til å tvile på at bygget held seg innanfor planen når det gjeld høgda, seier Vik, og viser til at reguleringsplanen er godkjend etter ein open og offentleg prosess.

Fortetting

Arne Runar Vik seier naboane fekk nabovarsel om det konkrete leilegheitsprosjektet og at ingen valde å klage på høgda.

Men forstår du dei som synest bygget er for høgt, sidan det tek vekk mykje utsikt?

–Eg skjønar at det kan opplevast som eit tap. Men når ein bur i eit sentrumsområde, så vil fortetting av og til føre til tap av utsikt.

Tor Meinseth meiner kommunen bør ta lærdom av dette prosjektet og ikkje gje løyve til slike bygg i einebustadområde. Er du samd i det?

–Det er vel alltid fornuftig å lære av prosjekt. Viss der er ting som er uheldig, kan ein unngå å gjere det på nytt. Men vi må no sjå sluttresultatet før vi fell domen, seier Vik.

Han bur sjølv i Bakkegata og ser nybygget godt frå huset sitt.

Utbyggar Nils Erik Skeide skjønar at nokon synest bygget er både høgt og ruvande. Han forsikrar at dei har bygt etter det som står i reguleringsplanen, og at det ikkje bikkar 14 meter.

–Eg trur inntrykket vert annleis når bygget er heilt ferdig med fasade og balkongar, seier Skeide.