Pilskog er tidlegare mellomdistanseløpar. Ho vart mellom anna norgesmeister på 1500-meter i 1997, og har vunne ei rekke sølv- og bronsemedaljar i NM på 800 m og 1500-meter. I 2004 deltok ho i sommar-OL i Athen. Ho kom på ein 10.-plass i forsøksheatet og vart slått ut.

Pilskog stod fjetra framfor TV-skjermen onsdag kveld då Karsten Warholm sprang inn til verdsmeister-tittelen på 400 meter hekk i London.

- Knallhard trening og disiplin

- Eg er så imponert, men eg tvilar på at folk flest forstår kor knallhardt han har jobba for dette. Det har nok vore eit blodslit. Karsten kan gjere artige ting i media, men bak prestasjonen onsdag kveld ligg det knallhard trening og disiplin, seier ho.

Under sjølve løpet trur ho ikkje på at Warholm tenker taktikk. Då berre "gunnar" han på dei 48,35 sekunda løpet varer.

- Men når han fekk vite kven som skulle vere med i finalen, er eg heilt sikker på at han la ein plan. Og den planen har han utført til punkt og prikke. Under løpet gjer han eit arbeid heilt åleine, han har ingen andre å stole på, og det er reinspikka jobbing, slår Pilskog fast.

- Karsten er eit multitalent. Han kom frå 10-kamp, så bestemte han seg for å spesialisere seg på 400 meter hekk, og etter kort tid vart han verdsmeister 21 år gammal. Det er så imponerande!

- Ikkje tilfeldig

At Karsten Warholm har vore heldige med genane er det ingen tvil om.

- Resultatet er ikkje tilfeldig. Tidleg i karrieren min konkurrerte eg på same stemna som mor hans, Kristine Haddal. Ho var ein god sprinter. Og eg hugsar godt kor interessert far hennar, Kåre Audun Haddal var i friidrett. Bedrifta hans, Jets var tidleg velvillige sponsorar. Karsten har hatt folk rundt seg med ei mental forståing for kva det inneber å trene seg opp til å bli god i friidrett, meiner Trine Pilskog.

Honnør til Arve Hatløy

Ho vil også nytte sjansen til å gi honnør til trenar Arve Hatløy, som ho meiner har gjort ein kjempeinnsats.

Pilskog trur at Karsten Warholm kan oppnå endå betre tider.

- Eg ser på han at han har meir å gå på. Det skal bli utruleg spennande å følgje med han vidare.

Tidlegare mellomdistanseløpar Trine Pilskog er imponert over prestasjonen til verdsmeister Karsten Warholm, men ho ser at han har meir å gå på, og trur han kjem til å bli endå betre. (Arkivfoto).