Resultatet frå Kommune-NM er klart:

Ulstein ramlar stadig nedover på lista

I Kommune-NM rangerer NHO norske kommunar etter 21 indikatorar. Dei ser på kom attraktive kommunane er for næringslivet, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi.

Det har vore ei negativ utvikling for ein del av kommunane i Møre og Romsdal dei siste åra. Av dei 36 kommunane i fylket var det berre 12 som hadde framgang. Ein av dei er Ulstein kommune.

I 2013 vart Ulstein rangert til å vere den tiande beste kommunen i Noreg. Året etter hamna kommunen på 15. plass. I 2016 var Ulstein nede på 19. plass, og i år hamnar Ulstein på 36. plass.

NHO skriv ei ei pressemelding at Ulstein kommune er ein kommune som er hardt råka av lågkonjunkturen. Demografi og arbeidsmarknad forklarer mykje av nedgangen. Men kommunen har også nedgang på kategoriane kompetanse og kommuneøkonomi. Arbeidsløysa har auka kraftig dei to siste åra, folkeveksten har avtatt og det har vore netto utflytting dei to siste åra.

Ålesund er den kommunen i fylket som kjem best ut, med 31. plass. Ulstein er på andreplass i fylket. Molde kjem på tredjeplass i fylket, og 40. plass nasjonalt.

Hareid kommune ligg ein plass framfor Herøy kommune, både nasjonalt og i fylket. Hareid er på 134. plass, Herøy på 135. plass. I Møre og Romsdal ligg dei på 10. og 11. plass.

I fjor kom Hareid på 117. plass. Året før 120. plass og i 2014 på 137. plass.

Dei største gjer det best

Det er ein klar tendens til at dei store by-regionane kjem godt ut i kåringa til NHO. Områda rundt Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim vinn årets Kommune-NM. Alle dei fem kommunane med over 100 000 innbyggjarar er på topp 20-lista. Dei 20 "dårlegaste" kommunane har alle under 3000 innbyggjarar.

Men der er også unntak. Laksekommunane Herøy (Nordland) og Frøya (Sør-Trøndelag) gjer det godt på grunn av høge lakseprisar.

Talgrunnlaget når dei har sett på kommuneøkonomier er frå 2016. Kommunal eigedomsskatt på næringsbygg slår negativt ut på målinga til NHO, då dei meiner det svekker konkurranseevna for næringsaktørar. Og kommunar som kjøper private tenester framfor å utføre tenester sjølve, får pluss frå NHO.

Dei ti kommunane som gjorde det best

1. Sola (Rogaland)

2. Bærum (Akershus)

3. Oslo (Oslo)

4. Ullensaker (Akershus)

5. Asker (Akershus)

6. Austevoll (Hordaland)

7. Ås (Akershus)

8. Trondheim (Sør-Trøndelag)

9. Stavanger (Rogaland)

10. Sandnes (Rogaland)

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: