Marthe K. Barstad viser her fram litt av glasbrota ho plukka med seg frå Osnessanden onsdag. (Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.)

Marthe K. Barstad viser her fram litt av glasbrota ho plukka med seg frå Osnessanden onsdag. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Trakkar ein på eit slikt glasbrot kan ein få alvorlege skadar. (Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.)

Trakkar ein på eit slikt glasbrot kan ein få alvorlege skadar. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Osnessanden er mykje nytta når det er fint vêr i regionen. Diverre har det siste tida vore mykje glasbrot i sanden. Kvard det kjem frå er usikkert. (Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.)

Osnessanden er mykje nytta når det er fint vêr i regionen. Diverre har det siste tida vore mykje glasbrot i sanden. Kvard det kjem frå er usikkert. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

1 / 3

Fann mykje glasbrot på Osnessanden:

- Pass på kvar du går

Marthe K. Barstad og fleire andre har plukka mykje glasbrot frå Osnessanden og andre strender i nærleiken siste dagane.

I det strålande flotte solskinet onsdag var det mange små og store som bada seg i havet utanfor Osnessanden. Men, det kanskje ikkje så mange fekk med seg, var glasbrota som låg gøymt i sanden. Men, også mykje av det godt synleg. Marthe K. Barstad, som ofte er på sanden saman med familien, plukka med seg fleire nevar med glasbrot.

- Vi brukar å sykle ned mot stranda, går heilt i enden og tilbake igjen, før vi syklar heim att. Denne gongen vart eg ganske så forferda over å sjå så mykje glasbrot her, seier Barstad til Vikebladet Vestposten.

Knust i småbitar

Barstad viser fram nokre av glasbrota ho fann. Éit ser ut til å ha kome frå ei flaske, eit anna kan kanskje stamme frå eit knust vindauge.

- Det er vanskeleg å sjå kvar dette kan stamme frå, då det meste er knust i småbitar. Men, dette er like fullt sylskarpe glasbitar som enkelt kan føre til store skader for den som trakkar på dei. Så pass verkeleg godt på kvar du går, seier ho.

Ho har snakka med fleire som nyttar sanden ofte, og dei fleste meiner glasbrota har kome inn frå sjøen.

- Det er litt ekkelt å tenkje på. Det er også mykje meir her no enn det har vore tidlegare, seier Barstad.

- Plukk det med deg

Marthe oppmodar alle som går langs Osnessanden eller som badar her om å passe svært godt på kvar dei trakkar.

- Og eg håper at dei som ser glasbrot, ikkje lét det ligge, men heller plukkar det opp. Plukk det med deg og kast det der det skal kastast, seier ho.

Det blir også meldt om mykje glasbrot i Annafjøra, men også fleire andre stader.


Veit du kvar glasbrota kan stamme frå? Send oss gjerne ein mail om du veit noko, på adressa redaksjon@vikebladet.no.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Odd 2 - Hødd LIVE

Bortekamp for Hødd tidleg måndag ettermiddag.

Teknisk utval på mogleg synfaring:

Naboar protesterer mot bustadblokk

Ulsteiningen Leif Klokk står bak mikrobryggeriet Klokk & co:

Lever ut øldraumen