Trond Bigset (t.v.), er leiar i Brandalskoret. Her saman med kormedlemene Kjartan Grimstad og Roger Håndlykken. (Foto: Facebooksida til Brandalskoret).

Trond Bigset (t.v.), er leiar i Brandalskoret. Her saman med kormedlemene Kjartan Grimstad og Roger Håndlykken. (Foto: Facebooksida til Brandalskoret).

Polarstar kjem til tonar frå Brandalskoret

Både "Ishavssongen" av Inga Skarbakk og "Så skimrande var aldri havet" blir velkomstsongar.

Ingen ting er vel meir naturleg enn at det er Brandalskoret som står for den musikalske velkomsthelsinga når "Polarstar" laurdag 26. august sig inn til kai i Brandal - etter fleire års renovering i Polen.

Det er venta eit stort folkehav til denne storhendinga, og buss skal gå i skytteltrafikk mellom Hareid og Brandal for å frakte folk.

Men Brandalskoret blir altså først ute med den musikalske velkomsthelsinga.

- Vi skal synge både "Ishavssongen" som Inga Skarbakk i si tid skreiv, og vi skal synge "Så skimrande var aldri havet", fortel Trond Bigset, leiar i Brandalskoret.

Ishavsskuta "Polarstar" har nok ikkje alltid opplevd skimrande hav på sine ferder til "Vesterisen" og andre polare strøk, men det er å håpe på skimrande hav laurdag 26. august, når heimkomsten skal feirast både ute og inne ved Ishavsmuseet Aarvak.

Nye songarar er velkomne

Trond Bigset fortel at Brandalskoret har 35 medlemer. Dirigent Ingrid Remø har ferie, men Lidvar Grimstad har sagt ja til å dirigere koret under framføringa på kaia i Brandal 26. august.

- Dei ordinære øvingane våre startar opp att i starten av desember. Vi øver på gamle Brandal skule (grendahuset), og nye kormedlemer er hjarteleg velkomne. Vi har spesielt mangel på tenorar og sopranar, fortel Trond Bigset.

I haust skal koret øve inn program til ein julekonsert i Hareid kyrkje i desember. På programmet vil det stå både lokale, nasjonale og internasjonale songar.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: