– Vi har selt unna omtrent alt vi eigde då vi budde i Bergen. Det er litt rart å byrje litt på nytt, men samstundes veldig friande, seier paret til Vikebladet Vestposten.

Dei har begge jobba knallhardt siste åra, over grytene på Restaurant 1877 i ærverdige Kjøttbasaren i Bergen.

Det som byrja som eit godt vennskap mellom kollegaer blei til slutt til kjærleik mellom Theodor og Bianca.

No byter dei snart ut tøffe 12-timarsvakter og lite fritid i regntunge Bergen med noko ganske anna. For om ikkje lenge går reisa til Australia, på andre sida av jordkloden.

– Det er nesten som vi må klype kvarandre litt i armen. Vi gler oss veldig til dette. Det blir jo eit solid steg ut av komfortsona og som dei seier på engelsk, eit «leap of faith», eller direkte omsett, eit steg i tru, seier dei og legg til:

– Det kan jo vere at vi finn ut at det ikkje var noko for oss, eller ikkje får det slik vi kanskje hadde tenkt det, men då har vi i alle fall prøvd.

Skal bu med familien

Paret får i det minste ein trygg start i Australia, då dei får bu med familie av Theodor den første tida.

– Det er eit fantastisk land. Eg har vore i Sydney to gonger tidlegare, då eg har ein onkel og ei tante, i tillegg til fleire søskenbarn, der. Theodor og Bianca reiser først inn i landet med turistvisum, men målet er å få fatt i eit jobbvisum med tida. Og det er ikkje til å legge skjul på at det er innan kjent territorie på jobbmarknaden dei ser etter nytt arbeid.

– Vi har allereie søkt på kvar vår kokkejobb. Dei bad oss om å kontakte dei når vi har kome til landet, seier Theodor.

Vil søkje om opphaldsløyve

Om paret lukkast med å få jobb må dei ut av landet medan søknaden om opphaldsløyve for å kunne jobbe i Australia blir handsama.

– Det er ein prosess som kan ta opp til fire månader, så då reiser vi litt rundt i Asia i mellomtida, seier Bianca.

Ho fortel at ho har ei venninne i Laos, som det kan vere aktuelt å besøke.

– Der har ho starta ein skule saman med kjærasten sin, som vi kan hjelpe til på.

Planen er elles å reise rundt og sjå seg litt om medan opphaldsløyve-søknaden blir sett på av australske styresmakter.

– Ordnar det seg, blir det jobb og ei vidare framtid i Australia. Gjer det ikkje det, ja, så får vi sjå, seier Theodor smilande.

– Eg var eit vrak

For dei fleste av oss er tidsklemma eit kjent omgrep. For ein kokk er dette omgrepet noko utvida. Det vil seie, jobben din er ofte også livsstilen din. Frå grytidleg morgon til seine kveldstimar kan grytene vere noko av det einaste ein ser. Sjølvsagt litt sett på spissen, då.

– No elskar vi begge å lage mat, og vi er veldig glade i yrket vårt, men det var på tide med ein timeout. Det var på tide å kome seg litt ut igjen, og å få oppleve nye ting igjen. Vi har hatt mange gode år i Bergen, men no var tida der, seier dei.

Theodor fortel at han blei sjuk då han slutta.

– Eg blei faktisk forkjølt dagen etter eg slutta. Kroppen stivna, eg var eit vrak. Endeleg byrja eg å slappe av igjen. Det var nok kroppen sin måte å seie ifrå om at eg hadde gjort det rette valet, seier Theodor og flirer.

I 2,5 år jobba Theodor ved Restaurant 1877, og store delar av denne tida som sous chef. Ei stilling meg mykje ekstra ansvar.

– Kokkeyrket er betre tilrettelagt i Australia har eg høyrt. Det blir spanande å prøve det i eit nytt land, seier han til slutt.

Theodor deltok i NM i kokkekunst i september i fjor. Foto: Arkiv/ Martin Kvamme. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.