På rådhuset i Ulstein har tidlegrøystinga, som starta 1. juli, gått til det som heiter førehandsrøysting, som starta 10. august. Det er mogleg å førehandsrøyste heilt fredag 8. september

- Det var nesten 40 personar som tidlegrøysta her i kommunen, så no håper eg flest mogleg grip sjansen til å førehandsrøyste, seier Svein Arne Orvik, politisk sekretær i Ulstein kommune.

Det er over seks tusen røysteføre i Ulstein, og Orvik fortel at det ved sist stortingsval var 800 som hadde røysta før sjølve valdagen.

Ingunn Hestnes kjem innom kontoret til Kari Marie Øvrebøe for å røyste.

- Det er faktisk seksten parti å velje imellom her i Møre og Romsdal, seier Orvik, og slår fast at det ikkje er mogleg å trekke tilbake røystesetelen når du først har røysta.

- Du får ikkje vite kva eg valde, seier Hestnes.

Dei som bur på Alvehaugen og Ulshaugen får høve til å røyste måndag 4. september, ei veke før sjølve valdagen.

Grei ordning for sjøfolk og studentar

Også på Hareid rådhus er dei godt igang med førehandsrøystinga.

Ta gjerne med valkortet du har fått i posten. Du må ha med legitimasjon med namn, fødselsdata og bilete om du vil røyste.

På valdagen må du røyste i den kommunen du var folkeregistrert som busett 30. juni i år. Men i førehandsrøystinga kan du røyste i den kommunen som passar deg best.

Anne-Karete Mork seier at det er ein del sjøfolk og innbyggjarar som skal ut å gå på skule som nyttar høvet til å førehandsrøyste. Medan Vikebladet Vestposten var innom sørvistorget på Hareid, var det fleire som var innom for å røyste.

Det blir også førehandsrøysting på Hadartun/Hareid sjukeheim torsdag 31. august.

- Eg vil oppmode alle, og spesielt dei unge, til å nytte røysteretten sin, seier valstyreleiar Anders Riise.