(Melding): Ein kan ikkje unngå å bli imponert over sogespelet med spelstad på vakre Sandsøya, som blir tromla saman av ein stor flokk frivillige frå dei ulike bygdene i Sande kommune. I år var andre året på rad spelet blir arrangert i denne omgang, og neste år blir det eit pauseår, før det høgst truleg blir meir moro på Kongsvollen dei to åra etter det igjen.

Årets versjon av spelet som så mange har blitt så glade i, hadde nye, spanande element i seg, i tillegg til å følgje grunnhistoria om då den legendariske Kong Arthur var på Sandsøya (Dollsøy) for å leite etter “Ringskatten” og Den heilage Gral, som skal vere gøymd i Dollsteinhola av Olav Ring (Arthur sin far).

Leia an av Kong Arthur (Oskar Fjørtoft Sandanger), Skakk (Odd Kåre Wiik) og Isak av Dollsøy (Bjarte Rovde), for å nemne nokre av karakterane, i tillegg til fleire flotte songnummer, vart dette ei svært fornøyeleg oppleving.

Toppen på kransekaka må ha vore då USA-president Donald Trump kom til Vollen og «kjøpte» heile greia, saman med ordførarane i Ulstein, Herøy og Hareid.

Terningkast fem!

I årets versjon fekk ein servert mykje av det same som dei føregåande åra, men krydra med besøk frå ein viss amerikansk president og ein kommentar kring den ferske verdsmeisteren frå Ulstein. Manusforfattarar er Odd Kåre Wiik, Arild Sande, Astrid Saure, Brit Gurskevik, og Oddbjørn Hagen. Sistnemnde er også regissør. Foto: Endre Vorren/VN.