Gullmedaljen på 400 meter hekk i verdsmeisterskapet i London førre onsdag har for alvor plassert Karsten Warholm på stjernehimmelen i internasjonal friidrett. Men heime i Ulstein er han framleis den Karsten vi kjenner, ambisiøs, men jordnær. Det viste verdsmeisteren til gagns då han blei hylla av klubbkameratane i Dimna IL og nesten 600 andre frammøtte måndag kveld.

For gullvinnaren har det blitt nokre hektiske dagar, og heilt fri fekk han heller ikkje på heimebane.

– Grunntanken var at eg kom heim for å slappe litt av, men det handlar jo også om å nyte augneblinken og finne noko som gir vidare motivasjon. For meg er det veldig kjekt å sjå at folk bryr seg. Eg må ærleg innrømme at det hadde vore litt stussleg dersom det berre var eg som synest dette var stas. Eg set veldig stor pris på at folk bryr seg, og får heller prøve å kople av litt etterpå i staden.

– Heilt nydeleg

Dei siste par åra har Karsten Warholm hatt hovudbase i Oslo, der han blir trent av Leif Olav Alnes. Det er likevel ingen tvil om at Warholm set pris på trenarar, lagkameratar og eldsjelene i klubben han vaks opp i.

– Det er heilt nydeleg å sjå dei igjen. Dei må ikkje gløymast i ein slik situasjon som vi er i. Det er her eg har identiteten min. Det er her eg har fått mykje hjelp dei første åra og vi har lagt ned ein formidabel innsats. Dimna IL har vore veldig viktig for meg. Dei har også vore veldig flinke til å legge til rette for meg.

Warholm rosar også sin gamle trenar Arve Hatløy.

– All den tida han brukte på meg, det trur eg ikkje det er mange andre som ville gjort. Dimna fortener å vere med på denne reisa.

Og det er ei reise som for alvor har skote fart denne sesongen, og der det truleg er mange høgdepunkt å sjå fram til. Også denne sesongen er det meir å sjå fram til, med Diamond League-finale og NM, men så meiner Warholm at han må prøve å lande litt.

– Då må vi nullstille og kome i gong med treninga igjen. Ting kan ikkje eskalere dit at vi ikkje får lagt ned det arbeidet og den treninga som vi ønskjer og som er nødvendig.

Tok ein prat med seg sjølv

Etter gull-løpet i London har Warholm vore ekstremt ettertrakta. Han er intervjua av både lokale, nasjonale og internasjonale medium, men spørsmål om kva han tenkjer på undervegs i eit finaleløp hadde han ikkje fått før no.

– Før eg gjekk inn på stadion tok den bevisste Karsten ein prat med underbevisstheita. Då fortalde eg at no har eg lagt ned så mykje arbeid i dette og strekt det så langt over så mange år. Ikkje at eg har ofra noko, for då hadde eg ikkje heldt på med dette, men det har vore mange tunge treningstimar der eg har jobba for akkurat dette. Det ville eg at underbevisstheita skulle huske då eg sprang inn på oppløpet. Det er ikkje noko ein klarar å tenke på eller plukke fram, men dersom ein veit det bakarst i skallen så kan det vere med på å gje litt ekstra energi. For meg handlar det om å finne ein grunn til at eg skal gjere det eg gjer, seier Warholm.

Som vart hylla av sine eigne i Ulsteinhallen.