– Det kjem til å verte nokre krevjande dagar, seier Flø til Vikebladet Vestposten.

I november i fjor fekk han medhald i Sunmøre tingrett, som festa lit til at han vart mobba gjennom heile grunnskuletida i Ulstein. Kommunen vart dømt til å betale han til saman to millionar kroner i erstatning og sakskostnader.

– Langvarig mobbing

Sunnmøre tingrett slo fast at det er truleg at Flø ville ha klart vidaregåande skule, dersom han ikkje var påført langvarig og traumatiserande mobbing i åra på grunnskulen. No har Frostating lagmannsrett sett av fire dagar til saka, etter at Ulstein kommunen bestemte seg for å anke domen frå tingretten.

– Vi meiner domen er feil, difor har vi anka, seier ordførar Knut Erik Engh.

Då domen i tingretten fall, sa Glen Børge Løset Flø følgjande til Vikebladet Vestposten:

– Etter alle desse åra med så mykje elende, er det godt å verte trudd. Eg veit sjølvsagt at historia mi er sann, men eg torde ikkje å ha for store forhåpningar. Det hadde vorte så knusande for meg viss retten trudde meir på motparten.

Fleire vitne

Lagmannsretten skal bruke éin dag meir enn tingretten. Årsaka er først og fremst at vitnelista er lengre: Ulstein kommune har kalla inn ei rekkje fleire vitne. Det gjeld medelevar frå både barne- og ungdomsskulen, lærarar og assistentar frå grunnskulen og ein tilsett frå PPT.

– Desse vitna er kalla inn for å støtte kommunen si sak og gjere synlege dei tiltaka kommunen faktisk gjorde desse åra, seier Engh.

Ulstein kommune har også fått nemnd opp ein ny sakkunnig: Trond Heir er psykiater og forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Han er også professor II i psykiatri ved Institutt for klinisk medisin ved Universitetet i Oslo.

Glen Børge Løset Flø stiller med same sakkunnig som sist; psykolog Sondre Hasvold. Flø har også dei same vitna som i tingretten.

– Eg føler meg godt budd, eg har gått gjennom alle papir og snakka mykje med advokaten min, seier han.

Han trur Ulstein kommune anka fordi dei er redd for omdømet sitt.

Dette tilbakeviser ordføraren, og seier at det er viktig for kommunen å få etterprøvd delar av domen i tingretten.

– Vi meiner tingretten har lagt meir ansvar på kommunen enn det er grunnlag for, seier Engh.

Bachelorgrad

I dag bur Glen Børge Løset Flø i Bergen, der han er i innspurten av ei bachelorgrad i administrasjon- og organisasjonsvitskap på universitet.

– Eg skal etter planen skrive bacheloroppgåva no i haust. Saka i tingretten tok veldig på, det var ei påkjenning å rippe opp i det som har skjedd, fortel Flø.

Kva reaksjonar har du fått i saka?

– Eg føler at eg har fått mykje støtte, spesielt frå andre som også har opplevd mobbing. Eg har fått reaksjonar frå heile landet, og også i sosiale media har eg fått positive tilbakemeldingar.

Saka i lagmannsretten vert avslutta fredag. Les vikebladet.no for fortløpande referat frå retten.