Nyrestaurerte Polarstar skal heim til Brandal, og i dag reiste mannskapet som skal føre "Ishavets Grand Old Lady" frå Hareid for å hente henne.

- Vi gler oss veldig, og vi synest det er stas at ho no er restaurert, kommenterte Oddvar Bigset og Atle Gjerde, som stod einslege på snøggbåtkaia på Hareid litt før klokka 05.45 tysdag morgon. Resten av mannskapet  hadde funne seg andre far enn denne snøggbåtavgangen.

Elektrikaren Atle Gjerde har faktisk vore mannskap på Polarstar ein gong før, i 1969 under ein tur til New Foundland.

Oddvar Bigset har ikkje hatt turar med Polarstar før, men har hatt eit langt liv som maskinist, og skal også vere maskinist på turen heim med Polarstar.

- Vi blir nokre dagar i Stettin for å gjere oss kjende med båten. Polarstar har no alle tekniske papir i orden, og eg reknar med at dette skal gå greit. Til og med Riksantikvaren har godkjent skuta, smiler Oddvar Bigset i det han spring over landgangen for å rekke snøggbåten.

Etter planen skal skuta gå frå Stettin 21. august, og kome til Brandal og stor feiring der 26. august.

Mannskap på 8 personar

Mannskapet om bord blir: Johan Veiseth (skipper), Vidar Veiseth, Peter Liavåg (stuert), Atle Gjerde, Andreas Nesset, Bjørn Røyset, Hans Andre Skarbakk og Oddvar Bigset.

Klar for heimkomsten:

Samla på Vigra: Andreas Nesset, Johan Veiseth, Bjørn Røyset, Atle Gjerde, Peter Liavåg og Oddvar Bigset. Foto privat.