Glen Børge Løset Flø vart den siste som fekk forklare seg i lagmannsretten tysdag. Tidsrammene vart sprengde, og vitna som var innkalla får ikkje kome til før onsdag. Først nærare klokka 17.00 tysdag vart rettsmøtet avslutta. Då hadde rettsmøtet halde på sidan 09.00 om morgonen.

Forsvararen hans, Lars-Henrik Windhaug var det første til å spørje ut klienten sin. Han ville vite om Løset Flø kunne fortelje om han hugsa kva tid han vart mobba første gongen.

Løset Flø trur det må ha vore i 2. klasse på Hasund skule, då han var 8 år gammal.

- Då kom det ein stein i hovudet mitt. Ein stein som var innepakka i ein snøball.

Flø gjekk i bakken, og gjerningsmennene sprang inn i klassa.

- Ikkje noko å gjere med det

- Eg gjekk bort til ein lærar og fortalde kva som hadde skjedd, men fekk til svar at det ikkje var noko å gjere med det, og at det var berre å gå inn til timen.  Eg  gjekk mot klasserommet, men nekta å gå inn, og eg sette meg på ein benk. Det fekk ingen konsekvensar for elevane som gjorde det.

I perioden  2.-5. klasse meiner Glenn Børge at han vart systematisk mobba, og at han fleire gonger i veka stakk av eller gøymde seg i skuletida. .  Han sprang til butikken på Straumane, til foreldra som arbeidde ved Kleven,  eller hoppa over eit gjerde for å kome seg bort.

- Mobbarane tok meg i grupper, slo og sparka, hevdar han.

Dusja kleda hans

Både forsvarar Windhaug og dommarane Magnhild Røe og Erlend Malvik stilte spørsmål ved ein episode som skjedde under ein symjetime i skuleregi. Glen Børge hadde lagt kleda frå seg i badstova, men medelevar hadde klart å få ta i dei, og nytta sjansen til å gi kleda hans ein omgang i dusjen.

- Kva skjedde i kjølvatnet av denne episoden, ville forsvararen vite.

- Eg hugsar læraren skjende på eleven som gjorde det. Ikkje noko anna.

- Vart det snakka med deg om dynkinga av kleda.?

- Berre at eg fekk lov til å fare heim.

Oppfatta det slik at du var til stades då læraren gav mobbaren skjenn. Veit du om det vart halde ein individuell samtale mellom mobbaren og læraren.

- Nei det veit eg ikkje.

- Korleis reagerte du då du oppdaga at kleda dine var våte?

- Eg byrja å grine. Og der var inga løysing på det, for eg hadde ikkje andre klede. Eg måtte site i bussen heim med våte klede, forklara Glen Børge. Han trur dette skjedde i  5. klasse. Hausten 98- eller våren 1999.

- Då du var elev på barneskulen. Kan du hugse sinnsemninga di. Korleis var ho då du stod opp om morgonen.

- Litt dyster. Veldig frustrert. Når du opplever eit overgrep, vil  du gjerne ta att. Nokre gonger var eg så sint at eg skalv, men eg har aldri vore særleg valdeleg av meg, og klarte ikkje å ta igjen.

- Korleis påverka det deg i timane, ville forsvararen vite?

- Eg klarte ikkje å roe meg ned, klarte ikkje å konsentrere meg. Fekk ikkje gjort det eg skulle. Eg drog det med meg heim, og klarte ikkje å konsentrere meg der heller, svara Flø.

Glen Børge stadfesta at både han og det han kalla plagåndene sine vart kalla inn på kontoret til rektor ved Hasund skule.

- Då var tonen at vi måtte halde fred, forsone oss. Også mor mi og far min var fleire gonger på rektorkontoret for å uttrykke kor bekymra og sinte dei var over situasjonen. Så det er i alle fall sikkert at leiinga ved skulen visste om mobbinga, meiner Glen Børge Flø.

- Sterkaste minnet er at eg stod åleine

- Kva er dei mest framtredande minna dine frå Hasund skule, ville Windhaug vite.

- Mine minne frå Hasund skule er at eg stod mykje åleine, stod ved lærarværelset eller gøymde meg ein plass der eg kunne springe fleire vegar viss mobbarane kom.

- Du stakk ein del av frå skule. Kor ofte.

- På det meste fleire gonger i veka. Truleg verst i 98/99.

I 2000 fekk Glen Børge påvist ein tarm- og leversjukdom. Kortison gjorde at han ein periode fekk det som blir kalla "månefjes", og når han kom tilbake på skule vart han kalla tjukka og feitebolla.

Den fysiske mobbinga vart det mindre av ein periode, for elevane hadde fått beskjed om at Flø kunne døy viss han fekk medfart fysisk.

Han hadde ofte magesmerter og behov for å gå på toalettet i timane, men meiner skulen ikkje snakka nok med han om problema hans.

Problema heldt fram på ungdomsskulen

Situasjonen vart heller ikkje så mykje betre då han kom over i ungdomsskulen.

- Sjå der kjem han med alle sjukdomane var noko av det første eg fekk høyre, og derfrå starta mobbinga.

Flø fortel om bresta ribbein etter knytneveslåg frå ein medelev, dullting og medelevar som sprang etter han.

- Eg begynte å gøyme meg igjen, fortel han.

- Få saka ut av rettssalen

Før rettsmøtet vart avslutta tysdag oppmoda rettsadministrator Dag Brathole, på same måte som ved starten av møtet, partane om å snakke saman. Han meinte det beste ville vere om dei kunne kome fram til ei minneleg ordning.

- Viss saka endar i Høgsterett kan ho ende som "Ulsteindommen", sa han.

Dette fekk psykiatriprofessor Trond Heier også til å smette inn ei oppmoding:

- Slike mobbesaker eignar seg dårleg for rettssystemet. Eg sit og tenker på korleis vi skal kome i mål. Snakk saman. Få ho ut av rettssalen, oppmoda han.

Retten blir sett igjen onsdag klokka 09.00.