Forsvarar Lars-Henrik Windhaug starta prosedyren sin med å slå fast at partane, Glen Børge Flø og Ulstein kommune, er fundamentalt usamde.

-  Vi meiner dommen frå Sunnmøre tingrett er rett, og at Glen Børge Flø på grunn av mobbing både er påført psykisk skade og tap av skulegang og inntekt, varsla Windhaug.

- Vi  kan dokumentere at mobbinga starta alt i 1996. Våren 1996 påpeikar far til Glen Børge at der er eit mobbeproblem ved Hasund skule , og at det pågått ei stund. Elevar kasta stein, snøball og lurte han til å drikke bederva mjølk.

- Flø var ein sårbar elev som var dårleg likt

Windhaug hevda også at Glenn Børge fortalde om hovudverk på skule i fleire år, noko forsvararen meiner skulen burde ha gripe fatt i.

I samband med at Glen Børg var til samtale hos PPT, vart det stilt ei mengde spørsmål om trivsel på skulen, og Glen Børge svara nei på nesten alle trivselsspørsmål.

Flø er ein sårbar elev som ikkje er likt av verken gutar eller jenter. Går åleine på skulen, og føler seg dum. Då var Glen Børge 9,5 år. PPT konkluderete med at Glen Børge treng oppfølging av ein annan faginstans.

Forsvarar Windhaug skildra fleire episodar der Glen Børge Flø hadde blitt mobba, både på skule og i fritida. Ein gong vart han blant anna boren 150 meter av nokre medelevar til ei barakke, der dei prøvde å tvinge han til å kle av seg.

Det er også rapportar om steinkasting, innestenging i fotballmål og dytting på isen som førte til brot i ein finger.

- Under ein samtale med PPT kunne foreldra hans  fortelje at Glen Børge hadde fått mykje juling, og at han vart systematisk mobba.  Også fysisk.  Sjølv om vanskane var kjende på skulen, meinte foreldra at oppfølginga ikkje var god nok.  Dei var redde han vil drage opplevingane med seg vidare i livet. Foreldra har bidratt med å belyse problema i skulen, men er ikkje nøgde med oppfølginga, sa Windhaug.

Forsvararen avviste ADHD-diagnosen som KS-advokaten til Ulstein kommune ville køyre fram. Windhaug meiner den rette diagnosen er PTSD (posttraumatisk stresssyndrom) og at det kjem av den traumatiske mobbinga han vart utsett for i grunnskulen.

Han konkluderer med at anken til Ulstein kommune må forkastast, og at Glenn Børge får dekt sakskostnadene.

Snart skal Glen Børge sjølv i vitneboksa.