KS-advokat Øyvind Renslo har starta innleiinga si i Frostating lagmannsrett.

Han slår fast at mobbing eit samfunnsvonde, og at både skulen og samfunnet elles har eit sentralt ansvar for å hindre mobbing.

-  Men det har foreldre, mobbarane sjølve og mange andre også, la han til.

Spørsmålet er i denne saka kor langt anvaret til skulen går.

Flø har ein omfattande sjukejournal. Blant anna ein  tarm- og leversjukdom. I 2007 fekk han ein psykisk diagnose. Ved Haugkeland sjukehus  har han fått diagnosen PTSD. Han har også sosial fobi. Inn i dette er også ein ADHD-diagnose.

- Flø fekk PTSD-diagnosen over 20 år etter at han gjekk ut av grunnskulen. Svært seint, slår Renslo fast.

Til saman er det sett ein invaliditetsgrad på 45 prosent på Flø. PTSD står for 20 prosent, ADHD 20 prosent, og i tillegg kjem sosial fobi.

- Mange tiltak vart sett inn

Glenn Børge Flø byra på skule hausten 1995, og det vart sett inn mange tiltak ved Hasund skule, meiner Renslo.

- Dei tiltak som Ulstein kommune sette i gang var gode, og skulen ikkje kan klandrast for alle problema til Glen Børge Flø, meiner Renslo.

Usamde i omfanget

I Tingretten vart det slått fast at Flø var utsett for omfattande mobbing.

-  Ulstein kommune bestrider ikkje at det har forekome mobbing av Flø i 4.-5. klasse og også seinare. Men er usamde i det  store omfanget som motparten har skildra.

Kommunen oppfattar Tingretten si skildring som uklar. Renslo meiner også at skulen følgde opp tilrådingane frå PPT. Og Ulstein kommune meiner også at foreldra vart involvert i val av tiltak.

Brukte vegleiar mot mobbing

I 1996 gav Kunnskapsdepartementet ut ein vegleiar om mobbing, og denne vegleiaren følgde skulen opp, meiner KS-advokaten.

Tingretten konkluderer med at  det ikkje er grunnlag for ADHD-diagnosen.  Ulstein kommunen meiner det er grunnlag for ADHD-diagnosen.

Renslo ønskjer ei  grundigare avklaring på kva slags tiltak motparten meiner burde vore sett i verk, og som ikkje vart gjort.

Samde i definisjonen på mobbing

KS-advokaten meiner partane er samde i definisjonen av kva som er mobbing.

- Mobbing er når ein person gjentatte gongar er utsett for erting, ubalanse i makt- styrke-forholdet. Aggressiv, vondsinna åtferd  over tid, uten open provokasjon.  I ein del tilfelle kunne Flø trigge fram mobbing sjølv, men KS-advokaten er samd i at det ikkje går an å underslå at Flø vart mobba.

Vedgjekk at Flø ikkje hadde det godt på skulen

Renslo slo fast at Glen Børge Løset Flø ikkje hadde fått oppfylt retten sin til eit godt miljø på barneskulen. Tvisten er om dei allminnelege krava til erstatning er til stades.

RETTEN TEK NO PAUSE