KS-advokat Øyvind Renslo har køyrt hardt på at Glen Børge Flø har ein ADHD-diagnose, og at problema hans ikkje knyter seg til mobbing han vart utsett for i grunnskulen.

Psykiatriprofessor Trond Heir, som er innkalla som sakkunnig av Frostating lagmannsrett er ikkje sikker på kva diagnose som er rett og stille.

- Er ikkje 100% sikker på at Flø har ADHD. Heller ikkje på PTSD-diagnosen (posttraumatisk stress-syndrom).

- Det eg er sikker på at han har gjennomgått traumatiske hendingar med mobbing. Og eg er sikker på at det har samanheng med plagane han er i dag, uttalte professoren til lagmannsretten.

- Han har ein sum med plager. Eg er overtydd om at noko kjem av konfliktene han har hatt som barn. Men ikkje alt. Han går inn i oppveksten sin med ei personegheit som er uavhengig av traumelidingane, sa Heier.

Han la til at han kollegaer som utelukkande ville sagt at situasjonen til Løset Flø kom av traumer, medan andre kollegaer ikkje vil meine det.

Heier har landa på at Glen Børge Flø  har ein uføregrad på mellom på 35-40 prosent, der 20 prosent kjem av posttraumatisk stress og sosial angst etter mobbing, og dei siste 20 prosenta kjem frå ei  ADHD-diagnose som ikke skriv seg frå mobbing.