Ulstein kommune stiller med KS-advokat Øyvind Renslo i ankesaka der Glen Børge Løset Flø i Sunnmøre tingrett vart tilkjent ei erstatning på til saman to millionar kroner.

I dag starta ankesaka i Frostating Lagmannsrett, og KS-advokaten var klar i prosedyren sin:

- Ulstein kommune må frikjennast, og få dekt sakskostnadene sine, var konklusjonen.

Renslo har har i prosedyren sin køyrd hardt på at Glen Børge Løset Flø har ein ADHD-diagnose, og at det er denne som har gjort at han har hatt lærevanskar. Ikkje at han har blitt mobba i skulen.

Han meiner at grunnskulen i Ulstein har gjort mykje for å hjelpe Løset Flø, heilt frå første skuleåret.

PPT kopla inn i 1997

- 1. og 2. skuleår ligg det ikkje føre dokumentasjon på fysisk eller psyksk mobbing. Heller ikkje frå foreldra. Grunnskulereforma kom i 1997. Ni år gammal får han ny kontaktlærar. I løpet av hausten 4.-klasse vart læraren kontakta av mor til Flø om at han ikkje hadde venner, og ikkje hadde det bra på skulen. Det vart då gjort ein rekke grep på skulen. Bl.a. klassemøte og klasseforeldremøte, og skulen vart samde med foreldra til Flø om at han skulle visast til PPT. Foreldra fekk brev frå PPT om dette, oppsummerer Renslo.

PPT skriv blant anna brev til foreldra og Hasund skule og kallar inn til samarbeidsmøte. Det vart oppsummering av observasjon i klassa, vurdering av arbeid og vidare tiltak. Også kontrollen i friminutta vart styrka , og det same vart læresituasjonen i klasse. I mars 1998 nytt brev frå PPT om at det er sett av tid til samtalar med Glen Børge Flø ved Hasund skule. PPT ønskte også eit oppsummeringsmøte.

- Så på dette tidspunkt er det sett i gang både undersøkingar og tiltak, kommenterer KS-advokaten.

Han viste også til ein skriftleg rapport frå klassestyraren som Glen Børge hadde i 4. klasse, og som viser at tiltak var sett inn.

- Ein gut som ikkje har det bra

- Det er ingen tvil om at PPT meiner det er ein elev som ikkje har det godt. Det skjer mobbing med ujamt styrkeforhold.

Dommaren Dag Brathole: - Ser ikkje i rapporten at det blir definert som mobbing i rapportane. Kan du forklare det?

- Renslo: Det vil vi forklare nærare litt seinare.

I 1998 skjer ein total uaksetabel hending i eit bursdagsselskap på fritida, der Flø blir innestengt mellom to fotballmål. Då innkallar rektor til eit klassemøte med foreldra, der dei som gjorde dette blir ansvarleggjort.

- Men vi kan ikkje konkludere med at det ikkje har vore gjort gode tiltak for at han skal ha det betre. Og vi må også sjå på Flø sin veremåte.  Skulen har hatt eit stort fokus på Flø, og bl.a vist han til skulehelsetenesta, understrekar Renslo.

Ei rekke tiltak i 1998/99

For 1998-99, finst det lite skriftleg materiale, men i eit brev til PPT skriv foreldra hans: «Vi har lenge avdekt systematisk mobbing, før også fysisk, no mest psykisk. Det har vore jobba ein del frå skulen, og det har gitt resultat». Men situasjonen framleis ikkje god nok.

- Resten av brevet viser at foreldra framleis ikkje synest det blir jobba godt nok. Men dei stadfestar at skulen har gjort ein del. Og vi har dokumentasjon på at skulen har sett inn ei rekke tiltak i 1998/99, seier Renslo.

KS-advokaten prosederte på at mobbing ikkje hadde vore tema for Glenn Børge Løset Flø sine helseproblem før dei siste åra. Først i 2014 blir depresjonar og angst tatt opp i spesialisthelsetenesta.

- Både føresette og Glenn Børge sjølv hadde tidlegare fokus på at han kunne ha Asbergers, men etter ei utgreiing vart dette avslått av fagfolk.

- Men Løset Flø hadde planar om å saksøke Ulstein kommune, og då vart det mobbing og traumer som fekk fokus. Men det er meir sannsynlegvis at det er ADHD, og ikkje mobbing som er årsaka til problema hans, sa KS-advokaten.