Fjerdekandidat for Møre og Romsdal Høgre, Hareid-ordførar Anders Riise, hadde med seg partiet sin gruppeleiar på fylkestinget, Charles Tøsse, i tillegg til førstekandidat Helge Orten og leiar for Ulstein Høgre, Rune Leine-Dimmen, då Ulstein Betongindustri fekk besøk.

Men turneen starta ikkje der. For allereie måndag var dei først på besøk hos verksemder i Sande, Sanco, Stad AS og Sande Seafarm. Så gjekk turen vidare til Dimo på Hareid og Servi i Saunesmarka, før turen gjekk til Island Offshore og til slutt nemnde Ulstein Betongindustri tysdag formiddag. Tysdag kveld avslutta Orten, Riise og dei andre dagen med å banke på over 200 dører.

– Det vart litt av ein turné, men fleire slike besøk skal det bli. Det er viktig for oss å få innspel direkte frå næringslivet kring kva for retning vi skal styre næringspolitikken vår i. Og så var det veldig kjekt å få snakke med veljarane i kveld, sa Anders Riise til Vikebladet Vestposten tysdag kveld.

Då administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, snakka med Høgre-politikarane, kom han med følgjande utsegn til Helge Orten.

– Det vi treng er stabilitet. Vi klarar oss godt med politikken vi har i dag. Sørg for å vinne valet.

Formuesskatt og betre vilkår

Besøket ved hovudanlegget til Ulstein Betongindustri starta med ein presentasjon av verksemda ved leiar for økonomi og administrasjon, Harald Sætre.

Då spørsmålet om kva som kan gjerast betre for verksemdene kom frå Helge Orten og Anders Riise, var ikkje Sætre og konsernsjef Vidar Moldskred seine med å svare.

– For det meste er vilkåra realistiske slik dei er i dag, men ein har framleis formuesskatten som gjer at midlar som burde skytast inn i drifta igjen, må skattast av. Vi har også utfordringar knytte til samferdsel, men her blir det jobba for å knyte regionen tettare saman, seier Sætre og Moldskred.

– Både samferdsel og formuesskatten er viktige tema for oss. Vi er i ferd med å få på plass fleire viktige samferdsleprosjekt, og vi har sterkt fokus på formuesskatten, svara Helge Orten.