Etter pausen onsdag spurde rettsadministrator Dag Brathole om det var naudsynt av Ulstein kommune å kalle inn alle dei fem resterande vitna for dagen. To per telefon og to i lagmannsretten.

- No føler vi det er naturleg at kommunen vurderer om ein kan akseptere tingretten si beskriving av Flø sin situasjon. Vi er nemleg meir interesserte i kva for tiltak skulen sette inn den gangen.

Rettsadministratoren spurde så sakkunnig Trond Heir om han hadde fått danna seg eit heilheitleg nok inntrykk av situasjonen til Glenn Børge Løset Flø den gangen.

- Eg føler det teiknar seg eit bilete av ein gut som opplever at alt og alle er i mot han, og som opplever det over tid. Som blir jaga og utsett for ubehagelige ting. Men kor plaga han har vore, er eg usikker på.

Reinslo fortalde at han og kommunen meiner at beskrivinga av det som blei slutninga i tingretten ikkje viser det heile og fulle biletet.

- Vi oppfattar at den samla beskrivinga og alvorsgraden i det som kjem frå Sunnmøre tingrett blir for dramatisk, sa Reinslo.

Då sa rettsadministrator Brathole at lagmannsretten føler dei treng meir bevisføring frå kommunen si side.

- Skal kommunen vise kva som var feil med beskrivinga frå tingretten, må bevisføringa vise noko meir konkret, sa rettsadministratoren.

Telefonvitne

Eit telefonvitne, som gjekk på ungdomsskulen saman med Glen Børge Løset Flø, blei så ringt opp. KS-advokat Øyvind Reinslo spurde ut vitnet først.

- Hugsar du om Glen Børge blei mobba på ungdomsskulen?

- Nei, han blei ikkje mobba så vidt eg veit.

- Kva huskar du om han på ungdomsskulen?

- Ikkje så mykje spesifikt.

Eit telefonvitne til blei ringt opp, også ein medelev av Løset Flø på ungdomsskulen.

- Var det di oppleving at Flø blei mobba på ungdomsskulen? spurde KS-advokat Øyvind Reinslo.

- Eg er ikkje av den oppfatninga, nei.

- Ingen konkrete hendingar?

- Nei.

Hugsa ikkje konkrete episodar

Ein av Glen Børge sine tidlegare lærarar ved barneskulen han gjekk på skulle så forklare seg.

- Det var ein stor klasse for å vere ein så liten klasse, sa læraren til KS-advokaten.

- Eg hugsar eigentleg berre dei gode episodane.

- Hadde du hugsa om Glen Børge ikkje hadde det bra?

- Vanskeleg å seie. Eg trur eg hadde hugsa det om det hadde vore en av slik karakter at det hadde blitt tatt opp.

- Blei det gjort konkrete tiltak den gongen?

- Eg kan ikkje hugse det, men eg håpar det blei gjort om det var slik.

Advokat Lars-Henrik Windhaug tok så over utspørjinga, der han stilte spørsmål kring opplegget skulen hadde kring mobbing.

- Blei Glen Børge mobba på barneskulen?

- Eg hugsar ingen konkrete hendingar eller episodar, sa vitnet.

Vitnet, som var lærar for Glen Børge Løset Flø første åra på barneskulen, hugsar ikkje om vedkomande hadde noko overleveringsmøte til læraren som tok over klassen.

- Ein flott og flink gut

Og nettopp denne læraren var neste vitne.

- Fekk du overlevert nokon form for informasjon frå tidlegare lærar kring situasjonen i denne klassen? spurde KS-advokat Øyvind Reinslo.

- Ikkje skriftleg, men munnleg.

Vitnet fortalde at klassen hadde med seg ein assistent på turar dei var på. Rektor hadde også noko undervising i denne klassen.

- Eg opplevde ganske raskt at klassen var ganske krevjande. Spesielt i overgangen til gymtimane. Mykje uro i timane merka eg også. Så var det mange miljømessige utfordringar i delar av guttegruppa i klassen. Noko som lett gjorde at det oppstod konfliktar var at enkelte blei opptrekte. Bagatellar kunne føre til samanstøyt, seier vitnet.

Læraren hugsar mellom anna ei enkelthending som ikkje Glen Børge var involvert i, der ein elev fekk slengt nokre syrlege ord mot seg, for så å springe ut i gangen, hente eit balltre, og slå vedkomande som sa det.

- Når det gjeld Glen Børge, så kunne han også reagere. Fare opp på grunn av den minste ting. Men eg ønskjer å få fram at det var mykje positivt med han også. Ein flott gut, munnleg og flink i timane. Eg opplevde derimot at det var eit problem for han å finne venar, noko eg også blei fortalt hadde vore slik sidan barnehagen.

Fortalde om tiltak som blei gjort

Læraren meiner foreldra til Glen Børge var fullt klar over problema til Glen Børge på skulen.

- Tiltak vi gjorde var mellom anna å skaffe oversikt, jobbe med trivsel og struktur. Vi fekk eit team på plass, der vi diskuterte forholda innad i klassen. Det blei viktig å ha gode arbeidsrutiner, mellom anna med gradert arbeidsplan.

Vitnet fortel at dei oppfatta det som skjedde med Glen Børge som mobbing.

- Det skjedde også ting med Glen Børge som eg vil karakterisere som vald, sa vitnet.

Vitnet fortel at vedkomande som lærar og rektor tok opp med klassen at maktforholdet var feil, då Glen Børge blei mykje åleine mot resten.

Vitnet fortel at PP-tenesta blei kopla inn, i samråd med foreldra og skulen.

- Vi sa at dei skulle få spørje oss om alt dei ønskte, og at vi trengde hjelp. Dei kom for å kurse oss, hugsar eg, seier læraren.

Det kom etter kvart inn ein ny rektor på skulen, og vedkomande som var rektor tidlegare blei inspektør.

- Rektor fekk informasjon om stoda i klassen. Vi hadde også team-møte kvar veke, der vi oppdaterte kring situasjonen. Vi jobba med det sosiale miljøet, og vi jobba med partane.

Alvorsmøte med klassen

Mobbing blei tatt opp med foreldra i klassen under eit foreldremøte, men likevel skulle det skje noko nytt med Glen Børge, fortel vitnet.

- Eg følte ikkje eg nådde fram hos foreldra. Dette var før episoden som fann stad i bursdagsselskapet.

Som allereie kjent hadde Glen Børge blitt sperra inne mellom to mål, av dei andre borna i selskapet. Ein vaksen såg dette, og fekk avslutta det.

- Etter denne episoden hadde vi eit alvorsmøte i klassen. Etter avtale med foreldra til Glen Børge kom heile klassen på besøk for å hente han til skulen igjen. Det blei vidare oppretta besøksgruppe. Mobbing skulle gi konsekvens.

- Tiltaka kring Glen Børge var at vi skulle ha klart utstyr, som til dømes blyantar og anna. Vi skulle vere klare på at han skulle sitje på stolen sin også, fortel vitnet.

Eit observasjonsskjema skulle fyllast ut, og det blei gjennomført fleire møte med PP-tenesta, fortel læraren.

Det blei utarbeidd ein rapport, som fekk både rettsadministrator Dag Brathole og advokat for Glen Børge, Lars-Henrik Windhaug, til å lure.

- De har forfatta ein rapport til PP-tenesta, men mobbing av Glen Børge står ikkje nemnt ein einaste plass, sa Brathole.

- Nei, men det var vel meir implisitt, svara vitnet.

Den tidlegare læraren fortalde også om fleire kurs som blei gjennomført.

"Mobbing i skolen"

Vitnet blei så spurt ut av advokat Lars-Henrik Windhaug.

- Hadde du tilgang på boka "Mobbing i skolen", som var eit verktøy for å ta tak i mobbing?

- Ja, den boka hugsar eg, og den nytta vi i arbeidet kring Glen Børge. Men, det var ordens-og trivselsreglar det var fokus på, ikkje mobbing konkret.

- Fekk du informasjon om at Glen Børge var ein særleg sårbar elev?

- Nei, det kan eg ikkje hugse at eg fekk.

- Kva så med dei som Glen Børge har fortalt plaga han? Eg har ikkje høyrt deg nemne tiltak de gjorde mot desse?

- Det var rektor som tok seg av desse for det meste, svara vitnet.

Læraren sa at det situasjonen slik vedkomande oppfatta det, blei betre etter hendinga med fotballmåla.

- Men slik som ADHD-diagnosen kommunen og KS-advokaten ønskjer å knyte til Glen Børge, opplevde du at han var utagerande, slik som ein kanskje tenkjer i forhold til ein slik diagnose?

- Nei, eg hugsar ikkje han slik.

- Vanskar med å knekke den sosiale koden

Onsdagens siste vitne kalla inn av Ulstein kommune var tidlegare rektor ved barneskulen, og rektor ein periode då Glen Børge Løset Flø gjekk der.

Den tidllegare rektoren fortel at han blei orientert om situasjonen i klassen, og Glen Børge spesielt.

- Eg fekk vite at han hadde spesielle utfordringar i forhold til miljøet. Vi etablerte raskt eit tett samarbeid mellom meg, inspektør og lærar. Vi hadde fleire møte saman, sa vitnet.

- Eg såg ein gut som hadde vanskar med å knekke den sosiale koden. Han hadde problem med å etablere venskap. Han kom lett i konfliktsituasjonar, og ofte var det bagatellar som utløyste konfliktane. Fleire av konfliktane blei ordna opp der og då. Eg vil ikkje kalle desse for mobbing. Men, det var gonger han ikkje gav seg, der det blei fleire mot ein. Her vil eg seie det gjekk over i mobbesituasjonar, sa den tidlegare rektoren.

Så spurde KS-advokat Øyvind Reinslo:

- Korleis jobba de med dette?

- Vi tok fatt i Glen Børge først, og fortalde han at vi ikkje aksepterte mobbing, og at dette skulle takast tak i.

Vitnet fortel at skulen nytta dei verkemidla dei hadde til disposisjon på dette tidspunktet. Talet på vaksenpersonar ute i skulegarden blei auka, og det skulle rettast meir fokus på å følgje med på kva Løset Flø gjorde.

- Ein vekkjar for oss

Den tidlegare rektoren fortel også om den konkrete hendinga då Glen Børge blei sperra inne med to fotballmål.

- Dette var såpass grovt, at sjølv om det skjedde på fritida, så ønskte vi å ta tak i dette også som skule. Dette blei ein verkeleg vekkjar for oss, det må eg ærleg innrømme. Ikkje berre denne einskilde hendinga, men heile situasjonen, at det var blitt så alvorleg, seier vitnet.

Vedkomande fortalde også at spesielt to av dei som plaga Glenn Børge Løset Flø, fekk kjenne på konsekvensane.

Medelevar blei mellom anna nekta å bli med på ekskursjonar, som følgje av å ha plaga Glen Børge.

Den tidlegare rektoren meiner at tiltaka som blei sett i gang gjorde at mobbeproblemet på skulen blei sterkt redusert.

Rettssaka held fram torsdag, og har starttidspunkt også då klokka 09.00.