Første punkt på programmet onsdag var Ulstein kommune som hadde kalla inn vitne til saka.

Det første vitnet, som gjekk i klasse med Løset Flø på barneskulen, blei spurt om vedkomande hugsa nokre negative hendingar knytt til Glen Børge Løset Flø.

- Eg har tenkt litt på det, og det er veldig lenge sidan. Totalbiletet er at vi var ein klasse med mange uromoment. Langt fleire gutar enn jenter. Eg hugsar Glen Børge som ein som likte veldig godt å konkurrere.

- Men eg hugsar også at han var ein som egla, pirta og plaga andre. Han tromma ofte med fingrane på pulten sin. Elles hugsar eg at han sprang og at han gjerne sprang til ein vaksen eller opp til lærarrommet. Eg klarer ikkje hugse kvifor han gjorde dette, og eg hadde heller ikkje same skulevegen som han hadde, seier vitnet.

KS-advokat Øyvind Reinslo spurde om vitnet hugsar einskilde personar som plaga Glen Børge spesielt.

- Ikkje som eg hugsar nei. Eg hugsar ikkje kvifor han sprang. Det er det eg sit igjen med av minne frå den tida.

Vitnet gjekk ikkje i klasse med Glen Børge på ungdomsskulen, og seier at vedkomande ikkje hugsar om Glen Børge blei spesielt plaga der.

- Kom springande inn i klasserommet

Advokat Lars-Henrik Windhaug spurde så ut vitnet. Windhaug spurde om vitnet hugsar om det blei sett inn tiltak for å betre situasjonen i klasserommet.

- Nei, det hugsar eg ikkje.

Forsvararen spurde så om vitnet hugsar enkeltpersonar som mobba eller plaga Glen Børge.

- Ikkje spesifikt nei. Eg hugsar mest at han kom springande inn i klasserommet og var stressa.

- Egla og plaga sjølv

Psykiatriprofessor Trond Heir ved Universitetet i Oslo er sakkunnig i denne saka, og spurde også ut vitnet.

- Er du overraska over at han føler seg mobba?

- Frå min ståstad er eg overraska, på ein måte. Men samstundes var eg ikkje blant dei nærmaste venane hans. Eg hugsa at han egla og plaga sjølv. Heilheitsbiletet mitt er at han, i tillegg til fleire av gutane i klassen, var uromomentet.

Lagt i bakken av fleire gutar

Ein anna medelev frå barneskuletida blei så kalla inn til vitneboksen. KS-advokat Reinslo spurde ut vitnet først.

- Hugsar du noko negativt knytt til Glen Børge på barneskulen?

- Eg hugsar at Glen Børge tromma veldig mykje med fingrane og med blyantar på pulten. Han var eit uroment, blant mange andre. Han egla til bråk, og det fekk han. Vi var ein veldig urolig klasse. Eg hugsar at fleire av dei kvinnelege lærarane gjekk grinande ut av rommet i løpet av desse åra, og at rektor var inne frå tid til anna.

- Hugsar du enkeltepisodar knytt til Glen Børge?

- Eg hugsar éin episode. Han blei lagt i bakken av fleire andre gutar på grusbana, etter at han hadde erta dei ei stund.

- Du hugsar ikkje at han blei mobba generelt?

- Det blir vanskeleg å vurdere, sidan dette er veldig lenge sidan. Det er vanskeleg å ta stilling til.

- Men om det var ein elev som hadde blitt fysisk eller psykisk plaga, ville du ikkje ha hugsa det?

- Det er vanskeleg å seie om han blei mobba eller ikkje. Det var mykje støy i klassen, og slik eg hugsar det no kan det vere at dette berre har blitt ein del av det heilheitlege eg hugsar frå klassen.

Advokaten til Løset Flø, Lars-Henrik Windhaug, spurde så ut vitnet.

Vitnet forklarte til forsvararen at vedkomande ikkje veit om Glen Børge hadde spesifikke venar på barneskulen.

- Du nemnte at fleire av dei kvinnelege lærarane byrja å grine, sette skulen inn meir ressursar for å få bukt med dette?

- Vi fekk ein assistent i tillegg til læraren vår, som var med i friminutta og med på turar.

Forsvararen spurde kring ein annan elev i klassen, og om denne eleven var valdeleg.

- Ja, det var vedkomande.

- Mot Glen Børge?

- Det kan eg ikkje hugse.

- Ikkje eit tema eg hugsar

Sakkunnig Trond Heir spurde vitnet om vedkomande hugsar om mobbing var eit tema det blei drøfta kring, snakka om i klassen.

- Nei, det meiner eg på at det ikkje var.

Ein av meddommarane spurde så om Løset Flø var ein einsam gut på barneskulen.

- Nei, eg trur han var med andre gutar i klassen. Eg har også eit inntrykk av at han var med oss ut i friminutta.

- Mobbeoffer som provoserte

Eit nytt vitne, også tidlegare medelev av Løset Flø, blei så kalla inn.

KS-advokat Øyvind Reinslo spurde om vitnet hugsar Glen Børge frå barneskulen.

- Eg hugsar ikkje noko frå dei første åra på barneskulen. Det eg hugsar er at han frå tredje- og fjerdeklasse av var uroleg, på lik linje med fleire andre i klassen.

Vitnet fortel at Glen Børge stod opp for seg sjølv.

- Han tok igjen om han blei plaga.

- Han fann ikkje heilt sin plass i klassen, det var ofte støy rundt han. Eg hugsar enkeltepisodar. Han blei plaga mykje, på dagleg basis. Lærarane og rektor var ofte inne med oss og snakka med oss om noko knytt til Glen Børge. Eg var også med på å plage han sjølv, men han var ofte så rask at det var vanskeleg å få tak i han.

Reinslo spurde kva det var Løset Flø gjorde som fekk andre til å plage han.

- Nokre gonger kunne han bli plaga heilt uprovosert, andre gonger var han sjølv årsaka til at det skjedde. Det kunne vere ting som skjedde i klassen, som han fekk igjen for i friminutta.

- Var han eit mobbeoffer?

- I så tilfelle eit var han eit mobbeoffer som også provoserte.

- Var du sjølv ein av dei som plaga Glen Børge?

- Ja, det var eg.

Hugsa hendinga med fotballmåla

Vitnet blei spurt om vedkomande hugsa enkeltepisodar som var ekstra ille.

- Det verste episoden var då han blei sperra inne mellom to fotballmål i eit barneselskap. Det var veldig krenkande mot han, det ser eg no. Eg hugsar at han blei spytta på, og kalla for stygge ting.

Advokaten til Glen Børge Løset Flø, Lars-Henrik Windhaug, spurde om kvifor vitnet konsekvent unngår å nytte ordet mobbing om plaginga av klienten hans.

- Eg gjekk på skule med andre som blei regelrett mobba, langt verre enn det Glen Børge blei. Eg oppfattar ikkje plaginga av han som like alvorleg som det mange andre gjekk gjennom.

Vitnet fortel at dersom det skjedde episodar knytt til Glen Børge, så blei ikkje enkeltpersonar plukka ut, men fleire samstundes, for ein prat med lærarar eller rektor.

- Det kunne vere at det blei oppvaskmøte etter enkelte hendingar, men det skjedde igjen. Plaginga heldt fram, sa vitnet.

Sakkunnig Trond Heir spurde vitnet om det var rett det vedkomande sa tidlegare under vitnesbyrdet sitt, at Glen Børge Løset Flø hadde mange mot seg og få med seg, i ein "krig" der begge partar provoserte kvarandre.

- Ja, det er rett.

Rettsadministrator Dag Brathole spurde om vitnet var med på den aktuelle episoden med fotballmåla.

- Ja, men det var også heile selskapet elles. Det heldt fram heilt til ein vaksen kom og stoppa det, og alle sprang sin veg.

Fekk utgått melk

Eit fjerde vitne blei kalla inn, og vedkomande var også skuleelev ved Hasund skule og ungdomsskulen i Ulstein i den aktuelle perioden.

Øyvind Reinslo, KS-advokaten, spurde vitnet om vedkomande kunne hugse spesielle episodar knytt til Glen Børge Løset Flø.

- Det var ein episode der det blei gitt utgått melk til Glen Børge. Eg trur at det også var eit par andre som dette blei gjort med.

- Hugsar du om Glen Børge blei mobba på ungdomsskulen?

- Nei, eg hugsar lite frå ungdomsskulen.

Advokat for Løset Flø, Lars-Henrik Windhaug, spurde om vitnet hugsar om det blei snakka mykje om mobbing på barneskulen.

- Nei, ikkje anna enn at lærarane snakka om det frå tid til anna.

- Mykje bråk og uro

Det femte vitnet Ulstein kommune hadde kalla inn var også medelev av Glen Børge Løset Flø på barne- og ungdomsskulen.

Øyvind Reinslo. KS-advokaten, spurde om kva han hugsa av det som skjedde med Glen Børge.

- Eg hugsar ein del ting som skjedde. Det var ganske mange elevar i klassen på barneskulen, og mange sterke personlegheiter. Det var mykje bråk og uro. Det var mykje trøbbel i løpet av dei sju åra.

- Slik det har blitt framstilt i media den siste tida verkar det som at det har skjedd mykje stygt. Den oppfatninga er ikkje eg av. Ja, det skjedde enkeltepisodar, det gjekk heftig føre seg ganske ofte, men eg hugsar ikkje at Glen Børge blei plaga meir enn andre som blei plaga.

Reinslo spurde om vedkomande var ein av dei som plaga Løset Flø mest.

- Ja, eg var av dei som plaga mest.

Vitnet hugsar ikkje så mange enkeltepisodar.

Advokat Lars-Henrik Windhaug spurde så vitnet om vedkomande hugsa om det blei gjort noko konkret for å få bukt med uroen i klasserommet.

- Vi hadde båsar i ein periode, og i ein annan periode hadde vi ein skiljevegg som gjorde at vi var delt i to klasserom.

- Var det ofte fokus på mobbing?

- Det blei snakka om ein del.

- Blei du teken til side og konfrontert med at du plaga Glen Børge?

- Ja, det blei eg. Oftast av rektor.

Advokat Windhaug spurde om vitnet hugsa ei hending der nokon skal ha dynka kleda til Glen Børge under ein symjetime.

- Nei, det hugsar eg ikkje.

Vitnet fortel også at Løset Flø ofte sjølv framprovoserte at han blei jaga i skulegarden.

- Han kunne kome nesten heilt bort til den eller dei som jaga han, for å springe om kapp bort til lærarrommet, seier vitnet.

Sakkunnig Trond Heir spurde vitnet om kva vedkomande som vaksen meiner ein kunne gjort for å få bukt med plaginga av Glen Børge.

- Eg trur det einaste som hadde gjort situasjonen betre hadde vore å skilt han ut frå dei som plaga han. Delt klassen, eller noko. Det var ingen som hata han, så om vi hadde vore meir skilde, kunne det ha hjelpt.

Rettsadministrator Dag Brathole spurde vitnet rett ut om han som vaksen, slik uttrykket blir definert i dag, blei mobba den gangen.

- Det blei han.

Vikebladet Vestposten kjem med meir frå ankesaka.