(NPK): Dette skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ein fersk rapport.

I den nye NVE-rapporten Erfaringar frå ekstremvêret Urd, kjem det fram at dei totale kostnadene på grunn av Urd var cirka 37 millionar kroner. Av dette utgjer avbrotskostnader 23,4 millionar kroner. Om lag 198.500 sluttbrukarar blei berørt av avbrot. 47,5 prosent av desse opplevde avbrot i under ein time, mens 45,6 prosent fekk tilbake elektrisiteten innan seks timar. 735 sluttbrukarar var utan elektrisitet i over eitt døgn.

Trefall på kraftleidningar

Ein sluttbrukar er ein som kjøper elektrisitet utan å selje han vidare, til dømes ein husstand, ein fritidsbustad eller eit firma.

Trefall på kraftleidningar var den største årsaka til at mange mista straumen.

– Rapporten viser at der det er størst forbetringspotensial i slike situasjonar er for eksempel innan skogrydding, kabling, lynoverspenningsvern og eigenberedskap, seier seksjonssjef i NVE Eldri Naadland Holo i ei pressemelding.