Tre menn frå Aust-Europa er varetektsfengsla, mistenkte for å ha valdteke ei kvinne under ein fjelltur på Søre Sunnmøre.

To av mennene vart arresterte av politiet 18. juli, den tredje dagen etter.

Varetektsfengslinga gjeld for fire veker, fram til 18. august, og med brev- og besøksforbod dei to første vekene.

I førre veke bad påtalemakta om at brev- og besøksforbodet skulle bli forlenga fram til 18. august, og dette har retten godkjent.

Sunnmøre tingrett meiner det er skjellig grunn til at dei tre sikta framleis kan mistenkast for ei straffbar handling som kan føre til høgare straff enn fengsel i seks månader.

Ingen av dei har erkjent straffskuld

– Retten konstaterer at politiet har gjort ei lang rekke etterforskingsskritt etter fengslingsmøtet 21. juli. Blant anna har den fornærma vore avhøyrt fleire gongar, og eit svært sentralt vitne har forklart seg i rettsleg avhøyr. Aktor understrekar imidlertid at det står att mykje arbeid for å sikre bevis i denne alvorlege straffesaka. Som ein del av bakteppet viser aktor til at ingen av dei tre sikta har erkjent straffskuld. Forklaringane deira stemmer ikkje overeins med fornærma si forklaring på vesentlege punkt. Det er ikkje klarlagt kva roller dei tre sikta har inntatt under overgrepet. Vidare gjekk det over eit døgn frå overgrepet før to av dei sikta vart arresterte, og det den tredje gjekk det ytterlegare eit døgn. Dei sikta har derfor hatt tid og høve til å kontakte mange, heiter det i rettsavgjerda frå Sunnmøre tingrett.

Fryktar at bevis kan gå til spille

Aktor, Elin Anja Drønen, har også lagt vekt å at det står att avhøyr av arbeidskollegaer til dei sikta, og at telefonane deira heller ikkje er gjennomgådde.

For at bevis ikkje skal gå til spille, meiner retten det er viktig at brev- og besøksperioden blir forlenga.

Risikerer lange fengselsstraffer

Dei sikta risikerer lange fengselsstraffer om dei blir domfelte, og slik retten ser det, er det ein nærliggande og reell fare for at dei vil prøve å påverke vitne dersom restriksjonane fell bort.

Dei tre sette seg imot altså vidare brev- og besøksforbod, og viste mellom anna til at dei ikkje hadde fått informere pårørande i heimlandet sitt om situasjonen dei var komne opp i.

Aktor lova at ho ville finne ut om dei pårørande var varsla om varetektsfengslinga, og dersom dei ikkje var underretta, ville ho sørge for at dei vart det.

– Viktig at dei ikkje får rømme frå landet

Men no er altså den fastsette perioden med varetektsfengsling i ferd med i springe ut. Og aktor Elin A. Drønen opplyser til Vikebladet Vestposten at dei kjem til å be om varetektsfengsel i ytterlegare fire nye veker.

– Mange etterforskingsskritt står att, og det er viktig at ingen av dei får sjanse til å rømme frå landet, seier Drønen, som understrekar at ingen av dei er dømde. Dei har status som sikta.

Ho kan ikkje svare på kva tid saka kjem for retten, og legg til at i utgangspunktet veit ho ikkje om saka kjem for retten heller. Etterforskinga framover blir viktig.