Vikebladet Vestposten møter André Skotheim, Lillian Breivik og Stig Brautaset, høvesvis banksjef for sal og marknad, regionbanksjef for personmarknaden og administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Dei kan i samla tropp leggje fram eit godt resultat for banken, som har røter heilt tilbake til den blei skipa som Volda prestegjelds sparebank i 1853. Etter første halvår har morsbanken eit totalresultat etter skatt på 57,8 millionar kroner, mot 47 millionar i fjor.

– Underliggjande bankdrift er betra med 5 millionar kroner, fortel administrerande direktør Brautaset.

Banken har elles utlånsvekst på personmarknaden, noko tilbakegang når det gjeld bedrifter, men ein innskotsvekst dei siste 12 månadar på 6,5 prosent.

– Vi står sterkt lokalt, og denne emisjonen er ei forlenging av nettopp det, fortel Brautaset.

Har rydda opp i eiga behaldning

Direktøren, som har vore øvste sjef i eitt år, fortel at banken i løpet av dette året har følgt tre stikkord; rydding, omstilling og utvikling.

– Mykje av denne ryddinga går ut på at vi har selt dotterselskapa Mosflata Eigedom AS og Hotell Ivar Aasen AS. Vi har elles også ein plan om å selje oss ut av det tredje dotterselskapet Eiksundregionen Eigedom AS, der bygget vi sit i no skal seljast, i tillegg til mellom anna Ørsta Torg. Dette var engasjement som blei inngått på 2000-talet, som har kosta mykje pengar å halde på, og som banken ikkje har kunne avhendt seg med før no. Eg sette det som mål at to av desse tre engasjementa skulle vi vere ute av innan mitt første år var omme, og der er vi no. I tillegg jobbar vi no med å selje oss ut av det siste, seier Stig Brautaset.

Sævik-eigde Havila Holding AS har som kjent kjøpt Hotell Ivar Aasen AS.

Emisjon og eigenkapitalbevis

No går som sagt banken i ei ny, spanande retning, ved at generalforsamlinga 21. juni vedtok å gjennomføre ein emisjon av eigenkapitalbevis i banken, i storleiken 50–100 millionar kroner. Emisjon-planen er godkjent av Finanstilsynet, og teikningsperioden er sett til mellom 4. og 18. september.

– Ein emisjon av denne storleiken vil sikre banken ein soliditet (evne til å tole tap) med god margin til nye regulatoriske krav. Dette er nye krav sett til bankane av styresmaktene, seier Stig Brautaset.

Han fortel at banken allereie har fått på plass eit garantikonsortium på 50 millionar kroner. Eit garantikonsortium vil seie ei gruppe garantistar som mot provisjon garanterer for fullteikning ved ein emisjon.

– Dette fekk vi på plass allereie før ferien tok til, og vi satsar no på å få inn 100 millionar kroner frå lokale personar og verksemder, som på denne måten får vere med og ta del i verdiskapinga banken representerer.

– Gode utsikter

Brautaset og kollegaane Lillian Breivik og André Skotheim meiner dette er ei unik moglegheit for folk i Ytre-regionen.

– Det er gode utsikter for området samla sett, sjølv om det er krevjande innanfor den maritime næringa for tida. Heldigvis har verfta og reiarlaga vist stor grad av omstillingsevne, i tillegg til at mange av underleverandørane har klart seg så langt. Det ligg til rette for god aktivitet framover.

– Banken opplever god vekst, og vi har trua på framtida. Dette gjeld både privat- og bedriftsmarknaden, seier dei tre avslutningsvis.

Nye kollegaer: Fleire nye tilsette har også kome til ved Ulsteinvik-kontoret. Guttorm Remøy Vartdal og Bianca Gamlem (t.h.) har fått nye kollegaer i Wenche Aursnes (m.t.v.) og Reidun Langeland. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll