– Eg er veldig stolt, både av Karsten og av å jobbe i Jets, seier Sissel Riise i resepsjonen. Ho synest det er stas å sjå firmalogoen på kleda til Karsten, og meiner han er ein flott representant for bedrifta.

Sponsing i mange år

Jets Vacuum har sponsa Dimna IL i ei årrekkje, og frå januar 2016 vart dei også personleg sponsor for Karsten Warholm. Sist onsdag kveld sprang han inn til gullmedalje på 400 meter hekk under VM i London. Same dag hadde Jets fått spørsmål om dei ville kjøpe sponsorplass i NRK-sendingane.

– Det sa vi ja til. Vi snakka om det her på jobben den dagen, at viss han vinn, då har vi gjort eit skup, fortel administrerande direktør Jan Tore Leikanger.

Han vil ikkje ut med kor mykje pengar Jets brukar på sponsinga, men er sikker på at det er rett investering.

– Vi vert ikkje akkurat nedringt etter gull-løpet, men Jets har fått mykje god positiv merksemd, seier Leikanger.

Sprang stafett

Det er ikkje alle som kan skryte av at dei har sprunge stafett saman med Karsten. Men det kan nokre av dei 107 tilsette på Jets: i mai i år sprang Karsten ein etappe på Jets-laget under Holmenkollstafetten.

– Eg er veldig rask med å fortelje folk at eg har vore på same stafettlag som Karsten, ja, ler Lisa Iversen, og får samtykkande nikk frå Haakon Riise, Robert Hofseth og Werner Dybvik

– Det var veldig stas at Karsten sa ja til å joine oss, fortel Haakon Riise, som har diplomen frå stafetten hengande på kontoret sitt.

Skal gjere opp status

Mor og manager, Kristine Haddal, fortel at Karsten har fått ein del førespurnader etter gull-løpet. For teamet er det viktig å samarbeide med dei rette.

– Vi kjem framleis til å bruke mykje tid på marknadsarbeidet, og pengar har aldri vore drivkrafta. Når sesongen er ferdig skal vi setje oss ned og sjå på det som har kome inn, seier Haddal. Ho rosar dei lokale sponsorane Jets, Ulstein Bil, Polarbad Vest og Sparebanken Møre, som har vist at dei har hatt tru på 21-åringen.

– Det viktigaste for oss er å ha gode samarbeidspartnarar som identifiserer seg med haldningane og verdiane Karsten og teamet står for, seier Haddal.