Hamnavegen i Hjørungavåg må vere den dårlegaste bygdevegen på øya, full av holer og svokker som han er. – Planar om utbetring har versert i mange år, fortel ordførar Anders Riise, som no kan stadfeste at kommunen endeleg tek grep. Mulege entreprenørar er bedne om å sende inn tilbod på arbeidet innan 28. august.

Riise fortel at prosjektkostnadene blir dekte av eigne kommunale midlar. Men finansieringa av den avsluttande asfalteringa er enno ikkje på plass.

Stabiliserande der underlaget ikkje er det beste

I manualen for prosjektet heiter det at det skal utførast med geonett, d.v.s. at ein legg eit plastnett over dagens veg og fyller på masse for til slutt å asfaltere på nytt. Nettet skal ha ein spesielt stabiliserande funksjon.

Geonett blir ofte brukt på telefarlege vegar, vegar som går gjennom myrområde eller i område med dårleg bereevne. Mange av desse vegane er vidareføringar av gamle kjerrevegar.

Geonettet låser friksjonsmaterialet i ein tilpassa formstabil rutestruktur.

Hamnavegen går frå Jomsvoll til krysset mellom Hjørungnesvegen og vegen til Korshamna. Ein fordel med geonett er at ein får kortare byggetid på prosjektet. Teknikken har vore nytta bl. a. på det siste strekket av vegen i Hjørungdalen – til Engeskardtunnelen – der det også er «telefarleg».

Interesserte entreprenørar skal levere inn tilbod på heile arbeidet.

Slutt med flikking

Det har i fleire år vore fylt på med grus og asfalt i dei holene og svokkene som med jamne mellomrom har oppstått i vegen. Seinast i vår. Men no er tida inne for noko meir varig.

Hamnavegasfalt Foto: Leiv Arne Grimstad