- Vi hadde ein samtale i går, og kommunen erkjenner intet ansvar, fortalde KS-advokat Øyvind Reinslo.

Han fortalde at kommunen hadde kome fram til at dei kan strekkje seg til å dekkje Flø sine omkostningar, i tillegg til at han får ein 20 prosents invaliditetsgrad.

Det tilbodet var ikkje i nærleiken av det Glen Børge Løset Flø og hans advokat Lars-Henrik Windhaug meiner er rettferdig.

- Tilbodet er framleis for lågt, sett i forhold til korleis saka står. Vi har jo ikkje ein gong høyrt vitnesbyrd frå vår side, sa Windhaug som svar på det KS-advokaten fortalde.

- Det samla biletet er uriktig

Reinslo heldt fram med å sitere frå tingrettspapira, der han fortalde at spesielt jaginga av Løset Flø var uakseptabel, men ikkje ein valdssituasjon. Han siterte også frå fleire andre delar frå dommen, og fortalde at han meinte bevisa var for svake i mange av tilfella som blei beskrivne der.

- Retten legg også til grunn at det har vore mobbing på ungdomsskulen. Men mykje av det som skal ha skjedd her, skjedde på fritida. Dette gjer at det blir feil i forhold til kva vi har høyrt frå vitna.

- Det samla biletet blir etter vår meining uriktig, seier Reinslo.

Det er lagt opp til eit langt løp med vitnesbyrd torsdag.