Ein mann i 40-åra frå Ytre Søre Sunnmøre er sett under tiltale for både å ha skaffa seg, og delt med andre, store mengder foto av barn i seksuelle situasjonar.

Grunnlaget for tiltalen er at han i perioden frå mai 2005 til 3. september 2014 gjorde seg jamnleg kjend med bilete og filmar som framstiller seksuelle overgrep mot barn. Dette gjennom planmessige søk på internett.

Speidde foto og filmar vidare

- På denne måten hade han befatning med minst 123933 bile og minst 816 filmar som viser barn som har seksuell omgang på ulike måtar. Blant anna med tvang, og barn som opptrer i seksualiserte samanhengar. Han bidrog i same periode også til spreiing av materialet gjennom eit fildelingsnettverk, heiter det i tiltalen.

Det er også lagt ned påstand om inndraging av datautstyr som bir nytta til nedlastning.

Saka kjem opp i Sunnmøe tingrett 6. september.