Vi er van til å sjå han i treningsbukse og grøn Dimna-genser. Difor sette vi eitt vilkår for laurdagspraten: den skulle ikkje skje i Ulsteinhallen eller på ein annan treningsarena. Mannen må då ha andre interesser?

– Då kan vi ta ein båttur, sa Arve Hatløy.

Og slik hamna lokalavisjournalisten i ein 25 fot stor Saga, tøffande frå gjestebrygga i Ulsteinvik mot Dimnøya.

– Eg budde mine første år i Ulsteinvik, men flytta til Dimna då eg var fem-seks år, fortel båtføraren og peikar kvar grensa mellom dei to skulekrinsane Dimna og Hasund/Sundgot gjekk den gongen. I dag har han dongeribukse, blå kaps og blå regnjakke. Under jakka skimtar vi den grøne genseren med Dimnalogoen nærast hjartet. Det har akkurat slutta å regne, sjøen er roleg, og Arve Hatløy har enno ikkje snakka om friidrett.

– Eg eig båten saman med faren min, Harald. Eg likar å fiske, og fange hummar og krabbe, fortel han, og vil sjølvsagt ikkje ut med kvar dei beste hummarplassane er, for det er hemmeleg.

Vore med sidan 1975

Arve Hatløy er 53 år gamal og sportsleg leiar i Dimna IL. Klubben vart stifta i 1974, og Arve var med frå dei første treningane våren 1975. Han dreiv med lengde og kortare løp i mange år, han vart krinsmeister sist som 35-åring. 42 år etter det først møtet med friidretten bur han framleis på Dimna og brukar nesten all si tid på klubben.

– Det er ein veldig fin idrett, alle kan finne si favorittøving, seier han, der han står ved roret og vert intervjua av ein journalist som set sjøbein.

«Enorm arbeidskapasitet. Ein som ordnar og fiksar. Stort sett blid. Sta. Likar å diskutere. Ikkje så veldig utadvendt.» Dette er ord som dukka opp då vi bad nokre av Dimna-utøvarane skildre 53-åringen.

– Eg jobbar med ei veldig kjekk aldersgruppe. Av og til må eg vere litt streng for å få orden på gjengen, til dømes viss dei ikkje gjer som dei skal eller ikkje møter når dei skal. Men det går fort over, seier han og slakkar ned farta inn i Spjutøysundet.

Han er ein av mange som gjer ein stor innsats i Dimna IL. I tillegg til trenarane som legg ned mange timar i veka, har styret ein stor jobb med å organisere og administrere. Etter at Karsten Warholm vart verdsmeister på 400 meter hekk, er det ingen ting som tyder på at interessa for friidrett vil minke.

– Vi har skulert fleire foreldre som trenarar, det er veldig bra. For det er viktig å gje eit godt tilbod til dei som er med, seier Hatløy.

Han peikar mot Dimna og vegen som har vore fast oppvarmingsrute for friidrettsfolket: Frå Dimnaskulen til huset til Mr. Dimna, Olav Hansen, og tilbake til skulen igjen. Fram til 2006 tok klubben éin meisterskapsmedalje. No kan Dimna IL vise til 295 medaljar frå nasjonale og internasjonale meisterskap.

Mykje reising

Etter militærtenesta kom Arve Hatløy heim igjen i 1987 og fekk jobb i Sparebanken Møre. Der tok han økonomutdanning og vart verande i banken til 2000. Etter det har han jobba med rekneskap, nokre år i KR Elektro før han i fjor starta eige selskap saman med ein annan: Elektro Team Ulsteinvik. Jobb og friidrett tek mesteparten av døgnet.

– Det har vorte ein livsstil. Eg brukar fem-seks timar kvar dag på friidrett, og så vert det mykje reising. Eg har vore heime tre helger til no i år, fortel han.

Er det ein fordel å vere ungkar og ikkje ha eigen familie?

– Ja, eg vil seie at det er ein føresetnad for å halde på seg slik eg gjer, eg kan ikkje ha nokon som sit heime og ventar. Etter at eg gav meg som aktiv var det naturleg å engasjere meg vidare. Det har liksom aldri vore eit fornuftig tidspunkt å gje seg på, seier Hatløy, og snur båten mot Ulsteinvik igjen.

Men kva gjer du når ikkje trenar eller fiskar?

– Det er ikkje så mykje tid igjen, men eg går ein del på fjella her på Dimnøya. Svarane og Høgåsen, seier han og peikar på toppane før båten forlèt Spjutøysundet.

– Eg reiser så mykje elles i året at eg ikkje har behov for det når eg først har fri, seier han.

Konkurrerer med seg sjølv

Sist veke fekk klubben sin første seniorverdsmeister. Arve Hatløy seier det er mange som drøymer om å oppleve det same som Karsten.

– Vi skal gjere vårt for å hjelpe til, men vi kan ikkje kalkulere med at det skjer igjen. Hugs at Karsten er ein av få norske verdsmeistrar i friidrett, så at det skal kome fleire frå Dimna, det torer vi ikkje tru på.

Kor ærleg er du mot dei som ikkje har det store talentet?

– Eg har aldri sagt til nokon at dei bør slutte. Alle kan drive med friidrett, men det er ikkje alle som skal verte noregs- eller verdsmeister. Dei skal like å trene og ha det gøy. Og det viktigaste er å konkurrere mot seg sjølv og setje personlege rekordar, seier Hatløy, før han set journalisten av på brygga. Denne helga er han på nordisk U20-meisterskap i Umeå.

Så blir dei ståande desse tre; fjell, fisk og friidrett.

Men størst av alt er friidretten.