Dramasjefen Ivar Køhn og kringkastingssjefen seier til Vikebladet Vestposten at det blir ein del ekstra kostnader med å flytte heile filmteamet til ein liten by på Sunnmøre, men dei er sikker på at dette blir bra TV. Her er vakker natur, folk stiller opp og det er godt å få samla alt på ein stad. Det er ikkje alltid like lett i større byar.

Eriksen seier at dei kan ikkje tenkje berre økonomi når dei lagar TV, då ville alt blitt spelt inn i Oslo. For NRK er det viktig å lage god TV, med drama frå ulike delar av landet, og å bruke norsk språk.

– Når ein lagar dramaserie er det sjølvsagt viktigast at historia er god, men det er flott at me kan kombinere det med å vise andre delar av landet, slår Eriksen fast og gler seg til å vise serien i beste sendetid sundagskveldane frå mars neste år. Den første sundagen blir det ein ekstra lang episode, for å få folk hekta, så blir det åtte episodar på 50 minutt.

Kan bli meir

– Om serien blir populær, kan det vere at de lagar ein sesong til?

– Ja, me jobbar med å utvikle ein sesong 2, så det er god moglegheit for det, svarer produsent Yngve Sæther.

Til utlandet?

Han røper også at det kan vere aktuelt å selje serien til utlandet. Dei har vore i kontakt med selskapet som selde den danse dramaserien Borgen til fleire land. Dei ser potensialet i serien. Det er vanskeleg å spå kva som skjer, men dei jobbar i alle fall med det. Men serien blir først og fremst laga for Noreg.

– Litt lyrisk å vere her

Yngve Sæther er svigersonen til Johan Ottesen, og det var han som fekk ideen om at trenaren for det fiktive fotballaget Varg kunne vere kvinne. Ein ide Sæther plukka opp med glede.

Serien handlar om korleis det er for Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) å vere første kvinnelege fotballtrenar for eit mannelag i fotball på eliteserienivå. Me får også følgje rollefigurane på heimebane og kva utfordringar dei har der.

Sæther seier at han alltid synest det er veldig hyggeleg å vere i Ulstein, her er så fint at det nesten er litt lyrisk å vere her. Men han trur folk som bur her er så vane me dei vakre omgjevnadene at dei nesten ikkje ser dei. Han håpar at dei kan bringe inn blikket utanfrå for å syne heile verda kor fint det er her.

– Takknemlege omgjevnader

Produsent Vilje Kathrine Hagen og serieskapar Johan Fasting har arbeidd med serien i snart fire år. – Det er ei veldig spesiell kjensle for Johan og meg å sjå korleis det blir, seier Hagen.

– Det er veldig takknemlege omgjevnader å lage TV i. Me set Ane Dahl Torp på banen, så er det den utsikta i bakgrunnen, utbryt Fasting.

Då Vikebladet Vestposten møtte dei i haust var dei uklare på om dei ville kalle staden i serien for Ulsteinvik, sjølv om serien blir spelt inn i Ulsteinvik.

– Då eg skreiv serien var det ein fiktiv liten by. Me var også innom og vurderte å bruke Sogndal. Men no som innspelinga er i Ulsteinvik, og me bruker så mykje av Ulsteinvik, kan det lik så godt heite Ulsteinvik, seier Fasting.

Store delar av serien blir spelt inn i studio i Oslo, dei synest det er herleg å kome tilbake til Ulstein å få spele meir.

– Håpar de på godvêr?

– Nei, serien skal vise det norske vêret og følgje fotballsesongen. Det kan bli fine scener med storm og regn.

Denne veka var dramasjef Ivar Køhn (nr 2 frå venstre) og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen (lengst til høgre) på tur til Ulstein for å sjå korleis det går med innspelinga av «Heimebane». Dei likte det Yngve Sæther, Johan Fasting og Vilje Kathrin Hagen viste dei. Foto: Ingvild Aursøy Måseide